Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2022

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Godverstur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. oktober 2022

Siste dagen i oktober gjekk kløverturen i Toåa tursti. Godt ver og god stemning!


Knask eller knep?

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. oktober 2022

Det var spørsmålet som vart stilt i gymsalen på Todalen skule i kveld, der Start 4H hadde invitert alle til felles Halloweenfeiring. Her var det vist stor kreativitet, både i kostymer og ansiktsmåling. Også sjølve gymsalen var pynta til Halloweenfest. Rapportane fortel at det vart mest knask og lite knep i løpet av feiringa i gymsalen. 


Knask eller knep – vi fikk kveldsbesøk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2022

Dei såg da reint så skumle ut den gjengen vi trefte på utafor huset i kveld, men var da ein gjeng det var triveleg å få besøk av.  Dei var 7-saman og kom frå Start 4H’s Halloweenfest i Todalsskulen no i kveld.  Etter ein liten fotosesjon bars det vidare utover i Husbygrenda og Bekkerhagan med gjengen. 


Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. oktober 2022

Søndag 6. november klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet under allehelgensgudstenesta går til kyrkjelydsarbeidet på vipps 506908.


Tjukkerter – husmannskost av beste slag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2022

Tjukkerter har litt ukjent opphav, men den var nok vanlig i Nordland, på Vestlandet og på indre Nordmøre – alt tidlig på 1800-tallet var nok dette vanlig husmannskost. Gule erter, salta kjøtt og poteter var oppskrift på lang holdbarhet,og mettende kost med god smak.


Start 4H inviterer til felles feiring av Halloween

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. oktober 2022

Start 4H inviterer alle, frå 0-101 år, til felles Halloweenfeiring i gymsalen på Todalen skule, måndag 31. oktober klokka 18:00 – 19:30. Ta med godteri og kle deg ut om du vil!  


Køvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Blir du med?


Tett tåke på Kvennafjorden

Jon Olav Ørsal Sundag 30. oktober 2022

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunnet tett tåke og manglende sikt, er sambandet innstilt inntil videre, skriver Fjord1 i en melding kl 11:00 i dag.  I en melding kl 11:13 meldes det om ny avgang frå Kvanne kl 11:30, da tåka ser ut til å lette.  


Eigenberedskapsveka 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. oktober 2022

31. oktober startar den landsdekkande kampanjeveka om eigenberedskap. I Surnadal kommune er det sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal, som vil stå for markeringane av eigenberedskapsveka, med arrangement rundt om i kommunen. I Todalen skjer dette onsdag 2. november på Matkroken Todalen. 


Hugs å stille klokka i natt

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. oktober 2022

Siste helga i oktober er tid for å stille klokka.  Det skjer natt til søndag, og da stilles klokka tilbake frå klokka 3 til klokka 2 – altså ein time tilbake.  Dersom du er ein av dei som er i tvil om kva veg du skal stille klokka, så skal klokka alltid stilles mot sommaren.  […]


Idrettslagsbasar – førehandssalet startar laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. oktober 2022

Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd startar laurdag 29. oktober på Matkroken Todalen klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps.


Ut av skapet inn i boksen – i kveld er det premiere

Jon Olav Ørsal Fredag 28. oktober 2022

I kveld er det premiere for Svarrabærjet Teaterlags revy «Ut av skapet – inni boksen».  Vi var på plass på generalprøven torsdag kveld vi måtte berre la oss imponere.  Det vart halvanna timen med god underhaldning og skikkeleg mosjon for lattermusklane.  Og her fikk vi bevist at det går an å sleppe til ungdommane – heile 12 av aktørane er debutantar på scena og i tillegg er det fleire debutantar som skribentar.