Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2022

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. oktober 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 3. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!


Fårikåldag – årets lam smaka godt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. oktober 2022

Laurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta.  Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga.  Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar.  Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.


Er vi førebudd til neste krise?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. oktober 2022

Det er spørsmålet Britt May Hollås, fylkesleder NKS Møre og Romsdal, og Malin Stensønes, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening stiller i eit presseskriv vi har fått no i dag. Bakgrunnen for presseskrivet er «Sanitetens uke 2022» og å løfte fram frivilligheita sin viktige rolle i samfunnsberedskapen, i forkant av framlegginga av årets statsbudsjett.