Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2022

Vi fann 87 artiklar i dette arkivet.


Julegåver til Estland

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. oktober 2022

Todalen sanitetsforening har i fleire år samla inn julgåver til trengande i Estland. Julegåvene må vera innpakka og merka med alder og kjønn til mottakar.


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. oktober 2022

Torsdag 3. november klokka 11:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg ein fysioterapeut til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Populært med balleik

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 27. oktober 2022

Torsdag kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, til balleik i gymsalen på Todalen skule. Fjorten ivrige ungar og ungdommar møtte møtte opp for å spele kanonball og stikkball. Så timen som var avsett gjekk fort.


Ledig tid for influensavaksinering måndag og tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Surnadal kommune opplyser at dei framleis har ledige timar for influensavaksinering, både måndag 31. oktober og tysdag 1. november. Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, men både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er bekymra for vaksinasjonsdekninga.


Beitedyr ved traseen i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Todalen Idrettslag opplyser om at det no går beitedyr ved traseen til Toåa tursti. Det er i samband med dette sett opp grind, som kan opnast, der øvre sti ned til Gunnøya tek av. Grinda kan som sagt opnast, men må også stengast når ein har gått igjennom, slik at beitedyra ikkje «stikk av»!


Spennande førsjulstid på Todalshytta i år.

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. oktober 2022

I innspurten inn mot jul blir det ei spennande tid i restauranten på Todalshytta.  Det er opplegg til mange kveldar med mykje god husmannskost – tradisjonsrike rettar for oss som likar god mat.  Vi kan berre nemne tjukkerter, kjøtt & påsse, lutefisk, sildball, potetball, juletallerken – med og uten pinnekjøtt, Julebuffet og til og med ein frisk og smakfull Thai-buffet vil restauranten by på, fortel Arve Evensen – vert på Todalshytta.


Gratis «sjølvplukk» på Todalen bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. oktober 2022

Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Måndag 31. oktober mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.


Eit spesielt år for Eiksenteret

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. oktober 2022

Iver Magne Nes som er butikksjek for Eiksenteret i Surnadal sit på ein raider som står saman med to raidere til og eit par-tre snøfresarar.  Alle sammen skal leverast til kundar no, og det er litt spesielt at 3 slike traktorklipparar skal leverast denne årstida. Men Iver Magne fortel at det har vore store problem med leveranser i heile sommar, og problema botnar ut i at det har vore mangel på deler i produksjon.  Det er ei kjent sak at både bilindustrien og produsentar av mange typar maskinelle produkt har hatt problem med levering ev elektriske komponentar – sakalla halvledarar. 


Kløverturar i sol – Kvennset og Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. oktober 2022

Kløverturen på FN-dagen, altså 24. oktober, gjekk frå Sjøledet og utover til Haltbakkan. Sola var lenge gøymt bak eit skoddehav, men etter kvart «brann skodda opp» og kløverturgjengen fekk nyte sola. 


Start 4H med LAN-skapsområde i ungdomshuset

Ragna Kvendset og Line Kvendset Måndag 24. oktober 2022

25 ivrige barn og unge hadde frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag, LAN-party oppi ungdomshuset. Svorka hadde sett opp styrken på hastigheita til fibernettet til maks styrke. Mange takk til Svorka!


Hamna i grøfta med fullt lass

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2022

I dag tidleg vart vegen i Hauann litt for smal, da to semitraller møttes på Nordvik.  Den eine med fullt lass med element frå Talgø Bygg og den andre på tur innover i same ærend.  Dermed bar det i grøfta med den eine bilen, men begge  bilane hadde liten fart og verken bilar eller mannskap kom til skade. 


Balleik i gymsalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. oktober 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer torsdag 27. oktober klokka 18:00 til 19:00, til balleik i gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter. Tilbodet er spesielt retta mot barn og unge i alderen 6 – 16 år.