Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ut av skapet inn i boksen – i kveld er det premiere

Jon Olav Ørsal Fredag 28. oktober 2022

I kveld er det premiere for Svarrabærjet Teaterlags revy «Ut av skapet – inni boksen».  Vi var på plass på generalprøven torsdag kveld vi måtte berre la oss imponere.  Det vart halvanna timen med god underhaldning og skikkeleg mosjon for lattermusklane.  Og her fikk vi bevist at det går an å sleppe til ungdommane – heile 12 av aktørane er debutantar på scena og i tillegg er det fleire debutantar som skribentar.  Før generalprøven var nok instruktørane Ingebrigt Røen og Camilla Hyttebakk spente. Dei er sjølve veteranar i teatermiljøet, og har klart å engasjere og rettleie ungdommane til ein flott innsats på scena.

 Revyen var delt i 2 akter og hadde 11 innslag i kvar akt.  Programmet var godt variert og hadde med aktuelle tema med stor bredde og sjølvsagt vart det mange hint i alle retningar.  Vi var sjølvsakt innom Todalsfjordprosjektet,  kulturhuset, legekontoret, bøgdadyret, klimakampen, Trollheimstrolla, Idrettshallen, høna og hanen og ikkje minst Surnadal i boks og sjølvsagt Dordi! Ein og ein halv time med lun og god humor!

 Billettsalet til revyen er i full gang, og premieren skjer i Storstua i dag kl 19:00 og neste førestilling går laurdag 29.10. kl 18:00.  I år er det to førestillingar, og det blir ikkje sett opp ekstraførestilling, sjølv om billettane blir utselt.  Så her gjeld prinsippet først til mølla for å kjøpe billett – følg linken her så kjem du direkte i billettkøen 

Vi kan iallfall anbefale å ta turen til kulturhuset for å oppleve skikkeleg god revyunderhaldning – det bør du unne deg!  

Ikkje uvanta var det fokus på Surnadal i boks. Foto Jon Olav Ørsal

På ferietur – artig og kreativt innslag. Foto Jon Olav Ørsal

var det høna eller egget som var først – eller kanskje det var hanen? Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. oktober 2022, 11:49