Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2015

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Songsvane ved elveutløpet

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. januar 2015

Frå Anders Gjeldnes har vi fått tilsendt bilder av ei flott songsvane som har tilhald ved utløpet av Toåa og i området Halsetøran mot Todalsøra. Den siste veka har ho hatt tilhald i området og ho finn nok mykje god mat i fjæra i området, og ser ut til å kose seg.


Livsmot i mørke

Einy R. Elgsæther Laurdag 31. januar 2015

Misjonær, redaktør og forfattar Jostein H. Sandsmark mista ei dotter da to jenter i ponnivogn vart påkøyrde av bil og omkom av skadene for eit år sidan. Han har etter det skrive ei bok om si sorg, fortviling og sin kamp med Gud, «Pass på liten og på stor». Han tek opp spørsmålet som mange har stilt seg i liknande situasjonar: Kor var Gud da? Han som skulle passa på oss? Tirsdag kjem Sandmark til Surnadal!


Transporthistoria på Nordmøre

Elinor Bolme Laurdag 31. januar 2015

Arrangementet «Onsdagstreffet» ved Surnadal kulturhus omhandlar denne gongen den allsidige transporthistoria på Nordmøre. Her vil Reidar Brøske være den som kjem og kåserer om gods- og trensporthistoria, frå den gong dette gjekk med båt, til den vi har i dag etter veg.


Klart for Hjortfest…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. januar 2015

Ein liten situasjonsrapport frå ungdomshuset, der det no toppar seg i førebuingane til Hjortfesta laurdag kveld. Det er dekt til fest i storsalen, med kvite dukar og alt som hører til. På kjøkkenet var det full sjau med potetskaling og bruning av elgkjøttdeig. – Her skal det bli både nok mat og god mat fortalte sjefskokk Håvard Halset. Det er jaktlaget på sørsia (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som er vertskap og i år er det ikkje noko påmelding – billetter kjøpes ved inngangen når du kjem til festa.


50 ungdommar klare for mønstring

Elinor Bolme Torsdag 29. januar 2015

Ungdommar frå tre kommunar – Halsa, Surnadal og Rindal – vil sprudle over av kulturelt pågangsmot og skaparglede på laurdag. Dei fleste av dei femti ungdommane stiller frå scena – og vil levere årets mest varierte konsert. Og det er det som er vitsen med Ungdommens Kulturmønstring: få fram spennet i alt ungdommane driv med.


Årsmøtetid: Stangvik historielag er først ut

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. januar 2015

Stangvik historielag inviterer til årsmøte onsdag 4. februar kl 19.15, melder styret. Det skjer i Stangvik oppvekstsenter, og dagsorden er vanlege årsmøtesaker – og sjølvsagt servering. I samband med årsmøtet vil Lars Steinar Ansnes orientere om status for Søyådalsboka.


Stengt bibliotek

Elinor Bolme Onsdag 28. januar 2015

Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket blir stengt torsdag 29.1. Men neste veke har vanleg åpningstid; 18-20.


T-komponent avslutter limtreproduksjonen

Elinor Bolme Onsdag 28. januar 2015

I ei pressemelding fra styreleder Finn Talgø og dagleg leiar Elmer Talgø ved T-komponent i Rindal, framgår det at T-komponent nå legger ned limtreproduksjonen i produksjonslokalene i Bjergen, Rindal fra 1. juli 2015. Ca. 10 ansatte vil bli berørt av dette.


Breibandet til Svorka med kort driftsstans

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. januar 2015

Tysdag kveld var breibandet til Svorka Aksess ute av drift i Todalen.  Problema oppstod i like før kl 20, men kom kom i drift igjen i løpet av ein halvtimes tid. Nettsiden til Svorka var også nede i denne perioden.  No fungerer breibandet normalt, og Håkon Solvik bekrefter at det var ein sentral switch som slo ut heile […]



Historie: Gamle ord og uttrykk – og digital rundtur

Jon Olav Ørsal Måndag 26. januar 2015

Todalen historielag samla eit 50-tals medlemar og andre til «historisk ettermiddagskaffe» i ungdomshuset. Gunnvald Bøe heldt eit interessant kåseri om gamle ord og utrykk frå Nordmøre – Historielaget tok oss med på digital tur rundt bygda, med både nye og gamle bilder. Vi har skikkeleg respons på arbeidet vårt, seier leiar i Todalen historielag John Moe, til Todalen.no, – som sjølvsagt var der….


Oppstart med volleyball

Elinor Bolme Sundag 25. januar 2015

Onsdag kl 19 blir det oppstart med volleyball i gymsalen ved Todalen skule igjen. Det er den yngre garde i bygda som dreg i gang arrangementet, men dei håper at den eldre garde stiller også.