Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Livsmot i mørke

Einy R. Elgsæther Laurdag 31. januar 2015

Misjonær, redaktør og forfattar Jostein H. Sandsmark mista ei dotter da to jenter i ponnivogn vart påkøyrde av bil og omkom av skadene for eit år sidan. Han har etter det skrive ei bok om si sorg, fortviling og sin kamp med Gud, «Pass på liten og på stor». Han tek opp spørsmålet som mange har stilt seg i liknande situasjonar: Kor var Gud da? Han som skulle passa på oss?  Tirsdag kjem Sandmark til Surnadal!

bilde_8

Sandsmark reiser no rundt og fortel om korleis denne tragedien har prega han og ført han frå grenselaus fortviling, raseri og opprør mot Gud til at livsmotet og trua vender tilbake.

«Når troens trygghet knuses – og livsmotet vender tilbake.» Kyrkja i Surnadal er med på å arrangera eit møte med Sandsmark tirsdag 3. februar (kl 19.00) på Surnadal kyrkjelydshus, der alle, også frå andre sokn, er velkomne til å delta på ein litt spesiell kveld med høve til spørsmål og samtale.

Publisert: 31. januar 2015, 17:12