Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2015

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Ope bibliotek i kveld

Elinor Bolme Torsdag 15. januar 2015

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att etter juleferien. Det blir fortsatt ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.


Strikkekaffe laurdag

Elinor Bolme Onsdag 14. januar 2015

Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er første treff etter jul, og damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen.


Utelunsj på Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Onsdag 14. januar 2015

Frå Britt Mossing ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått nokre bilder frå markeringa dei hadde for oppstarten på Friluftslivets år ved oppvekstsenteret i går.


Nokon har for lite, andre for mykje?

Elinor Bolme Tysdag 13. januar 2015

John Moe ansvarlig i Ungdomshuset melder om at det står att eit skolettpar etter 3. dagsfesta i romjla. Er dei dine, er det berre å ta kontakt med han. Ellers er den tidlegare omtala kåpa til Torill Halset framleis ikkje komme heimatt til eigarmannen enda.


Inviterer til fakkeltog…

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. januar 2015

PT-utvalet inviterer til fakkeltog laurdag 17. januar. Det blir ei stille markering, for å legge attom oss eit år med fleire tragediar og mykje sorg. – No går vi vidare, og støttar kvarandre inn i ei ny tid.


Sjynågarding som feira 96-årsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 12. januar 2015

Måndag var det feiring av 96-årsdag på Stangvik aldersheim. – Margrete Hals er født på midtvintersdagen 12. januar i 1919, og kunne dermed feire 96-årsdag saman med venner og tidlegare kollegaer i dag. Dei fleste av oss kjenner nok Margrete frå Halsbua, der ho hadde mange år attafor disken.


Eirik på TV i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 12. januar 2015

I kveld kl 18.45 kjem det eit innslag om Eirik Halle på NRK1 (Møre og Romsdal). Eirik Haukenes har vore i Todalen og gjort opptak rett etter nyttår, fortel mora Synnøve Helland. Ho antydar også at det kjem på «Norge i dag» og kanskje på Dagsrevyen.  Slå på TV’n og pass på at den står […]


Sonerenn på Vang

Elinor Bolme Måndag 12. januar 2015

Førstkommande laurdag arrangerer IL Søya Sonerenn på Vang. Sonerennet går i klassisk stil, og både ung og gammel oppfordres til å stille. Påmelding gjerast ved å sende ein sms til Torill Bye – 932 55 282.


Senterpartiet held nominasjonsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 12. januar 2015

Surnadal Senterparti vil holde nominasjonsmøte på Kommunehuset mandag 19 januar kl. 20.00 . Dei ønsker alle medlemmer og listekandidater velkommen, melder styret.


Fortsett med balleik

Elinor Bolme Måndag 12. januar 2015

I kveld er det full rulle for alle i alle aldrar i gymsalen ved Todalen Skule igjen. Det er fortsatt sesong for inne-aktivitetar, og Knut Bergli opplyser at dei fortsett med det populære tilbudet på måndagar.


Herborg og TrondheimSolistene

Jon Olav Ørsal Sundag 11. januar 2015

Laurdagens konsert med TrondheimSolistene og Herborg Kråkevik fylte kulturhuset med begeistra publikum. Nyttårskonsert med TrondheimSolistene har vore eit fast innslag i mange år, og det vart slett ikkje forringa av at Herborg Kråkevik var med – tvert i mot. Surnadalsjenta Kirsten Næss (17) fikk æra av å spele saman med orkesteret i opningsnummeret, og og kom seg godt ut av det.


«Nina» treffer lenger sør..

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. januar 2015

Meteorologane har vore litt usikre på korleis ekstremværet ”Nina” treffer vestlandskysten, og derfor førebudd oss på eit «besøk» i Møre og Romsdal. No er dette avlyst, da det ser ut for at det varsla ekstremværet treffer vestlandskysten lenger sør, – frå Sogn og sørover.