Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Herborg og TrondheimSolistene

Jon Olav Ørsal Sundag 11. januar 2015

Laurdagens konsert med TrondheimSolistene og Herborg Kråkevik fylte kulturhuset med begeistra publikum. Nyttårskonsert med TrondheimSolistene har vore eit fast innslag i mange år, og det vart slett ikkje forringa av at Herborg Kråkevik var med – tvert i mot. Surnadalsjenta Kirsten Næss (17) fikk æra av å spele saman med orkesteret i opningsnummeret, og og kom seg godt ut av det.

KirstenNæss_TrondheimSolistene_2311

Surnadalsjenta Kirsten Næss (17) gjorde ein flott innsats som solist saman med TrondheimSolistene. Foto. Jon Olav Ørsal

Fram til pausen framførte TrondheimSolistene ”Variasjoner over eit tema av Frank Bridge”, og da fekk dei ha scena for seg sjølve. Dei viste ein imponerande presisjon og vi fekk sjå at det var profesjonelle musikarar vi hadde på scena.

 

Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene

Herborg Kråkevik og TrondheimSolistane på scena i Surnadal kulturhus. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølve hovudretten kom etter pausen, da Herborg Kråkevik entra scena. Ho har samarbeidd med TrondheimSolistene i 15 år, og vi skjønte fort at kjemien var god og at den også smitta også over på eit begeistra publikum. Ho formidla både skjemt og alvor i sin kontakt med publikum, og minte oss på kor heldige vi er som kan seie det vi meiner utan å sette livet på spel.  – Den uttalen sette ho nok straks på prøve, da ho etterpå fleipa om økonomien og snøkanonane  i Sæterlia.

Men du verden for ein artist og for ei songstemme  – her fekk publikum full valuta for pengane. Hun var innom både Sørås, Blix, Prøysen og mange fleire i sitt repertoar, og med akkompagnement frå TrondheimSolistane  vart dette ein kveld vi seint gløymer.

KirstenNæss_2315

Flott innsats frå surnadalsjenta Kirsten Næss (17) som gjorde ein flott innsats saman med TrondheimSolistene. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. januar 2015, 12:53