Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til fakkeltog…

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. januar 2015

PT-utvalet inviterer til fakkeltog laurdag 17. januar. Det blir ei stille markering, for å legge attom oss eit år med fleire tragediar og mykje sorg.  – No går vi vidare, og støttar kvarandre inn i ei ny tid.

Vi møtes ved Matkroken L.Hals kl 16, og går til kyrkja, som er opa – der det blir servert varm drikke. Det er kjøpt inn ein del faklar som blir delt ut.  Alle er velkomne!

 

 

Publisert: 13. januar 2015, 21:39