Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Nina» treffer lenger sør..

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. januar 2015

Meteorologane har vore litt usikre på korleis ekstremværet ”Nina” treffer vestlandskysten, og derfor førebudd oss på eit «besøk» i Møre og Romsdal. No er dette avlyst, da det ser ut for at det varsla ekstremværet treffer vestlandskysten lenger sør, – frå Sogn og sørover.

Vervarselet for Todalen viser i dag ei sør-austleg vindretning utover ettermiddagen laurdag, med 13 m/sek kl 12 og minkande utover dagen til 4-6 m/sek. Frå laurdag ettermiddag vil det bli litt kaldare, med nokre få kuldegrader. Her kan du sjå langtidsvarselt på yr.no

Publisert: 10. januar 2015, 12:36