Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ope bibliotek i kveld

Elinor Bolme Torsdag 15. januar 2015

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att etter juleferien. Det blir fortsatt ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.

Todalen filial kan låne bøker frå hovudbiblioteket på Skei, andre bibliotek, eller eventuelt kjøpe inn. Så her er det berre å legge inn ønsker til bibliotekar Karen Johanne Talgø.

Først publisert: 15. januar 2015, 03:55 - Sist oppdatert: 14. januar 2015, 23:00