Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2023

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.



Les om raset og tida etterpå – her finn du linkar

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no.  Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida.  Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken. 


31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog  – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.


«Gullmaskin» og «Poste Restante»

Dordi Jorunn Halle Sundag 30. juli 2023

Under familiedagen i Stangvik 28. juli var det også opning av kunstutsillingar i «Galleri Bondehuset». To av kunstnarane der var Brit Dyrnes og Jørgen Moe.


Saknar tursekken sin

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. juli 2023

Ellen Magritt E. Skogrand hadde fredag ein fin topptur til Snøfjellet via Bjøråskaret. På turen nedatt mista ho tursekken sin, ein blågrøn Bergans sekk. Ho mista den på venstre side ved det partiet der ein må klatre mellom to steinar.


Hesjing og uformelt slektstreff på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juli 2023

Oda Halle hadde mange hjelpande hender da ho inviterte slekningar til slåttonntreff.  Det vart sett opp ei hesje nærast som eit demo-prosjekt, der vidareføring av konpetanse var ein del av prosjektet, medan den sosiale biten som ligg i å treffast og gjera ting i lag var ein like så viktig del.  



Fjord1 – Kvanne – Røkkum innstillt grunna akkutt sjukdom

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juli 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna akutt sjukdom blir sambandet innstilt frå kl 21:15 til ruteslutt i kveld. Det vert normal drift frå rutestart laurdag morgon, melder Fjord1 i en driftsmelding. Alternativ for omkjøring er via Fjord1s rute Halsa – Kanestrøm eller via Oppdal/Nerskogen. 



Bli med Fjellgruppa til Liagarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. juli 2023

Tysdag 1. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til haustsesongens første fjelltur. Da går turen til Liagarden. 


Kvanne – Rykkjem: -ruteendring i kveld

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juli 2023

Fjord1 melder om endring på rute 1061 Kvanne – Rykkjem i kveld:  Avgang fra Kvanne 21:00 og fra Rykkjem kl 21:15 blir i dag innstilt. Avgang fra Kvanne 21:30 blir utsatt til 22:00, deretter normal drift i sambandet.   SISTE: Kl 18.15 melder Fjord1 at det blir normal drift i sambandet i kveld!  


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. juli 2023

Fredag 28. juli, mellom klokka 12:00 – 16:00,  inviterer Lia gard til «sommarope»  bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.