Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Akitivitetar på familiedagen i Bondehuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. juli 2023

Under familiedagen i Bondehuset var det forskjellige aktivitetar og utstillingar både ute og inne.

Ved tur opp til inngangen til Bondhuset vart ein møtt av kjende og kjære melodiar som tona ut frå lirekassa til Jaap den Hertog. Mange stoppa og lytta og vart overraska over lirekassemusikk i Stangvika; det er helst noko ein møter i gatene i litt større byar. Jaap den Hertog er frå Nederland, men har budd i Trondheim sidan 1980. Han har kombinert fastlegepraksis med drift av Teater Fusentast. Eit artig møte!

Sigbjørn Børset hadde ei innhaldsrik samling av utstyr frå Amerika. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Inne i Bondehuset møtte vi «indianeren» Sigbjørn Børset frå Ålvundeidet. Han stilte i skinnklede og fjørpryd av kalkun. Han har reist rundt som «indianer» dei siste femten år på festivalar og i barnehagar. Drakta er laga av hjorteskinn og sydd i Sogndal. Til finare bruk har han fjørpryd av både havørn og kongeørn.

Ordet «indianer» er no ute av bruk i offisielt språk og er erstatta med amerikansk urfolk og gjerne med namn på dei ulike stammane som Sioux, Aztekere osv.

Her er det utstyr som urfolket i Nord-Amerika hadde bruk for: Tromme til bruk i ulike seremoniar, bogar og pilar, tomahawk, fjørpryd av ørnefjør. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Her er flint som trongst til pilspissar  og redskap og pose laga av bisonpenis. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Hans Torslett stilte med ei imponerande samling av våpen frå eldre tider. Torslett er ein svært habil bogeskyttar, og han hadde mange ulike pilar og bogar.

Hans Torslett med ei korde. Ho vart bruk av postmannen til å verje seg mot røvarar og udyr. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Familiedagen i Stangvika hadde så mykje å by på at her på todalen.no blir det berre smakebitar frå ein utruleg flott dag!

Stangvik Bygdelag og Stangvik Historielag er medlemmer i todalen.no.

Publisert: 31. juli 2023, 19:55