Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

31. juli – det er gått 10 år sia raset gjekk

Jon Olav Ørsal Måndag 31. juli 2023

På denne datoen i 2013 gjekk det store raset uti Stranda. Det tok med seg både straumnettet, vegen og mykje skog  – og dermed var bygda totalt isolert frå omverda nokre dagar. Dette gjorde at utfordringane stod i kø – vi som var «innestengt» måtte finne nye løysingar og improvisere på mange felt.

informasjonsmøte utafor Talgøfabrikken – mange hadde møtt fram. Foto Jon Olav Ørsal

For oss på Todalen.no var det straumbrotet og dermed mangel på breiband som var den største utfordinga – det førte til at det var problematisk å produsere nyheitssaker midt oppe i kaoset.  Men vi fekk da lagt ut ei nyheitssak om raset, og instruks om korleis ein kunne ivareta liv og helse ved hjelp av satellittelefon og jaktradio. Etter kvart vart det da både straum og breiband, og det førte til ei eksplosiv auke i talet på nyheitssaker og talet på lesarar som vart meir enn dobla. Todalen.no fikk ei sentral rolle i info-arbeidet, og kunne erstatte infomøta som vart arrangert dei første dagane – her fann du for eksempel den alltid gjeldande rutetabellen for ferja og hurtigbåten.

Kreativ løysingar var det mange av – her er Arvid og Kolbjørn Halle på tur innover fjorden med kraftfor. Foto Jon Olav Ørsal

Det er mange som har sagt at tida etter raset var ei fin tid. Sjølv om det var mykje styr og ståk, så var den første tida slik at vi brydde oss om kvarandre og vi hjelpte kvarandre meir enn før.  Det same inntrykket sitt vi att med i for hold til omverden og.  Vegvesenet, byråkratar og politikarar på alle nivå la godviljen til for å løyse problema som oppstod når eit heilt bygdesamfunn vart isolert.  Enkelte gjekk så lang at dei på riksnettet lova at det ikkje skulle stå på pengar!

Nedre del av raset – bilde frå rasdagen. Raset gjekk ca 9.30 onsdag den 31. juli 2013. Foto Jon Olav Ørsal

Når vi går gjennom sakene vi har laga utover august i 2013, så ser vi at ting er løyst på beste måte – det tok berre eit stort døgn før straumen var på stell igjen. Først med aggregat og så via reparert linje.  I løpet av nokre dagar var persontrafikk i gang med båt, og landgangsfartøy frakta bilar til og frå bygda etter berre 5-6 dagar.  – Bygging av midlertidig ferjekai tok knappe 2 veker, og da kom «BF Førdefjord» i rute mellom Todalen og Kvanne.  Ny veg forbi ras-staden vart opna alt 9. september, etter at ny vegtrase var sprengt inn i fjellet.

Behov for litt rasjonering dei første dagane, men snart kom leveransane i gang igjen. Foto Jon Olav Ørsal

Linkar til nyheitssakene ligg i ei eiga sak!
Vi skal ikkje gå i detalj på det som skjedde utover augustmånaden, men vi har laget linkar til dei mest aktuelle sakene vi laga.  Her kan du berre klikke på linken så får du opp sakene og kan sjå på massevis av kjentfolk i dei mange galleria.  Bak linken har vi lagt datoen da saka vart lagt ut.

Her kjem BF Førdefjord på prøvetur til den midlertidige ferjekaia ved sandkaia. Foto Jon Olav Ørsal

Raset var stor sak også i NRK – her er Eirik Haukenes rigga for direktesending frå Todalen – foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 31. juli 2023, 04:00 - Sist oppdatert: 30. juli 2023, 15:14