Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor oppslutning om vellykka kunstvandring langs Den Trondhjemske postvei

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. juli 2023

Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterte fredag 28.juli til kunstvandring langs «Den Trondhjemske postevei». Og ikkje mindre enn 150 personar var med på vandringa frå Vang til Bondehuset i Stangvika.

Undervegs vart turgåarane akkompagnerte av tonar frå «postluren» som varsla at no kjem posten. Tore Mo stod for varselsignala. Anders Askeland stilte som postmeister og frakta brev og aviser trygt fram til Stangvik.

«Klopp» – kunstverk av Jorun Kraft Mo. Her er ho i samtale med Anita Land. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Første kunstverket på turen var «Klopp» av Jorun Kraft Mo. Klopp er saman med kavlvegar brukt gjennom hundreår for å gjere sti/veg gjennom myr framkomeleg. Kunstnar Jorun Kraft Mo fortalde at kunstverket er eit minnebilete på det som ein gong var. Kloppa er laga av furustokkar som Tore har henta frå skogen på Mo. Landskapet rundt postvegen har nok forandra seg mykje sidan postmannen for her. No er det tett skog rundt vegen, landskapet gror igjen.

Neste kunstverk var Yngvild Sæter sitt verk til minne minne om Mali og Nils Røen: «Frå hjarte til hjarte på kjærleikens veg». Mali og Nils Røen var frå Utigard Røen.

Kunstverket til Yngvild Sæter: Til minne om Mali og Nils Røen. Foto: Anita Land.

Postvegen frå Stangvika til Vang er ein del av «Den Trondhjemske postveien» som gjekk frå Bergen til Trondheim. Vegen vart påbegynt tidleg på 1700-talet da staten tok over ansvaret for postvesenet. I Møre og Romsdal gjekk vegen gjennom desse kommunane: Volda, Stranda, Ålesund, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal; og restane etter vegen er ei levande historiebok! Postberarane måtte vere pålitelege, uredde og sterke karar som kunne forsvare seg mot ville dyr og landevegsrøvarar.

«Preludium» av Siri Skjerve. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I og ved Bondehuset var det utstilling ved Jørgen Moe, Brit Dyrnes, Siri Skjerve og Toril Redalen.

Her var det også indianar på besøk, rett nok ikkje frå Amerika men frå Ålvundeidet. Hans Torslett hadde utstilling av våpen. Ute var det lirekassemann så her tona musikken ut. I Bondehuset var det servering av nydeleg graut og bakels og mangt anna.

Familiedagen til Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag var triveleg og innhaldsrik; rett og slett ein stor suksess!

Toril Radalen ved kunstveket sitt i ei nausttomt der naustet aldri vart bygd. Kunstverket heiter: «Hus spreder». Foto: Dordi Jorunn Halle.

Anita Land var leiar for familiedagen og turen. Her i samtale med Marit Haugen.Foto: Runi Langum.

Riktig mange deltok på familiedagen! Her frå starten på Vang. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ei fin turrute. Utstillingane vil stå i tre veker framover. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Merknad: Det blir meir om kunstnarar, kunstverk og utstillingar seinare.

Stangvik Bygdelag og Stangvik Historielag er medlemmer i todalen.no.

Først publisert: 28. juli 2023, 21:02 - Sist oppdatert: 31. juli 2023, 17:17