Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2016

Vi fann 55 artiklar i dette arkivet.


Ventetida er her, og nye tradisjonar blir til.

Elinor Bolme Onsdag 30. november 2016

Denne veka kom det som kanskje har vorte ein tradisjon i skulen på plass igjen. Eit stort bjørkehjerte som lyser mot dei som kjem til oppvekstsenteret. Både for tilsette, elevar, barnehageborn og foreldra som fer inn og ut porten morgon og sein ettermiddag.


Basar på BOA

Dordi Jorunn Halle Tysdag 29. november 2016

Måndag vart det for første gong arrangert basar på BOA, avdeling for Bu og avlastning ved Surnadal sjukeheim. Det vart ein triveleg kveld for bebuarar med familie, riktig god basarstemning og stort basarbord med mange fine gevinstar.


Trekte mange til julemesse

Jon Olav Ørsal Måndag 28. november 2016

Søndag arrangerte Surnadal husflidslag sin årlege julemesse. Denne gongen foregikk julemessa i 2. etasjen på gammelsamvirkelaget på Skei, og dit kom det mange både kundar og handverkarar – og handelen den gikk.


Elg til Stangvik kyrkje med «Jul hos aille no..»

Jon Olav Ørsal Sundag 27. november 2016

Straks er det sesongen for julekonserter både i kirkerom og kulturhus rundt om kring oss. ELG med band er nok en gang på kirketurne med «Jul hos aille no», og torsdag 1. desember kl 19.00 holder de konsert i Stangvik kirke Dette er en annerledes julekonsert. Reportuaret med klassikere beveger seg i et julelandskap med Prøysen, amerikansk jazz via Disney, folkemusikk, gospel og noen av ELG`s egne låter skriver ELG i en e-post til Todalen.no


Todaling som standup-komiker på Humorgallaen?

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2016

Ja det er faktisk muleg. Ragnhild Maria Dietrichson har trødd sine barnesko i Todalen, men har bodd på sørlandet og i hovudstaden, der ho mellom anna har drive med teater. No deltek ho i ein konkurranse om å få opptre som standup-komiker på Humorgallaen i Arendal – i skarp konkurranse med fleire aktuelle. No treng ho litt hjelp for å kome vidare – litt stemmehjelp….


Gammelvegen om Søyåbrua er stengt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2016

Den private vegen frå Åsbøen til det gamle Melhuskrysset er stengt på grunn av flaumskade, melder grunneigar Jon Reidar Husby.  Det er mange som har bruka denne vegen som ein snarveg på tur til ferga, men flaumen i Søyåa natt til laurdag har gravd ut vegbanen mellom dei to bruene der, og vegen er difor heilt […]


Fra Todalen til Bjølsen i Oslo

Mari B. Redalen Laurdag 26. november 2016

Namnet mitt er Brynjar Ansnes Moe, og er født på Orkdal Sjukehus ein vakker maidag i 1978.
Oppvaksen på Kvernhaugen i Øyagrenda, saman med storebror Torkjel, mor Ragnhild og far John.


Litt av eit vêrbruk i helga …

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2016

I nattens mulm og mørke har vi faktisk hatt 5-årsflaum i Toåa – utan at nokon har lagt så mykje merke til det. Utover gårdagen var det mykje regn, og saman med mildvêret vart det regn og snøtining heilt til topps i fjellet. Rundt midnatt var vassføringa på topp, og målaren ved Storfossen viste klokka 23.45 heile 84,12 m3/sek. Det er den høgaste vassføringa som er notert dei siste åra.


Kårvatn Fjellutstyr nådde ikkje opp

Elinor Bolme Laurdag 26. november 2016

Som tidlegare nemt i forbindelse med Noregs mållag sin Språkstafett var Kårvatn Fjellutstyr AS nominert til mållaget sin «Nynorsk næringslivspris». Kårvatn Fjellutstyr var nominert av Sunndal mållag for sin konsekvente bruk av nynorsk i både salg og marknadsføring av alle produkt på Kårvatn. I går var det offentleggjort at prisen gjekk til Dyrskur’n i Seljord.


Siste tur med bussen for Sverre…

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2016

Fredag var det ubønnhørleg slutt på ein lang karriere som bussjåfør for Sverre Kjølstad. Laurdag fyller han 75 år, og dermed setter regelverket bom stopp for meir busskjøring. Egentleg er det 10 år sia han gikk av med AFP-pensjon i 2006, i ein alder av 65 år, men dei siste 10 har het vorte litt vikarkjøring, og dei siste 3 åra har han køyrt skulebuss til kårvatn og Hjellnes – ein liten tur på føremiddagen og ein tur på ettermiddagen.



Surnadal Husflidslag: – Julemesse på Skei

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2016

No er det høgsesong for julemesser, og komande søndag (27.11) er det 1. søndag i advent og turen er komen for Surnadal Husflidslag. Dei arrangerer i år julemesse si i 2. etasje i Gammelsamvirkelaget på Skei. Tilsaman er det 37 utstillarar som setter kvarandere i stemne, og lagar julestemning i tidsrommet 12 til 18, fortel Torunn Nordvik i Surnadal Husflidslag til Todalen.no