Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basar på BOA

Dordi Jorunn Halle Tysdag 29. november 2016

Måndag vart det for første gong arrangert basar på BOA, avdeling for Bu og avlastning ved Surnadal sjukeheim. Det vart ein triveleg kveld for bebuarar med familie, riktig god basarstemning og stort basarbord med mange fine gevinstar.

img_0312

Trekking av åregevinstar. Frå venstre Haldis Holmeide, Synnøve Fiske Talgø og Ingrid Stene. Foto: Dordi J H

Primus motor for arrangementet var Haldis Holmeide. Ho hadde laga heilt nye årer til basaren, og årene gjekk fort unna, tre omgangar vart det. Det var nok mange av dei eldre som mintest basarar i ungdomshus, bedehus og andre forsamlingshus rundt om i kommunen, og smilet kom fram når det vart gevinst.

img_0306

Mange fine gevinstar. Foto: Dordi J H

Gevinstane til basarbordet og åresalget var for det meste gåver frå butikkar, men også bebuarar hadde ordna med gevinstar og nokre av dei tilsette hadde laga gevinstar. Hovudgevinstane var to fine adventskalendrar som tilsette hadde laga.

Som seg hør og bør på basar var det kaffe med noko attåt, sjølvsagt graut og bakels, i tillegg var det sveler og skuffkaker, riktig godt smaka det! Serveringa var det kjøkkenet ved sjukeheimen som ordna.

img_0309

Triveleg med basar. Foto: Dordi J H

Basarkomite var Haldis Holmeide, Gunn Anita Ness Aune, Else Kristin Svorken, Ann Oddrun Solem og Jorhild Halset. Haldis fortel at dei ønska å gi bebuarane ein god opplevelse og å få til eit sosialt tiltak for bebuarar med familie og andre interesserte. Og samtidig vart det litt inntekt som fører til nye trivseltiltak, slett ikkje dumt!

Eit riktig godt arrangement og ein triveleg kveld!

img_0310

Fine og nye årer. Lisbet lurer på om ho har årer med vinnartal, medan Marit og Marit ventar på åreseljaren. Frå venstre: Lisbet Halle, Marit Kalseth og Marit Sanden Søyset. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

 

 

Publisert: 29. november 2016, 01:09