Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste tur med bussen for Sverre…

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2016

Fredag var det ubønnhørleg slutt på ein lang karriere som bussjåfør for Sverre Kjølstad.  Laurdag fyller han 75 år, og dermed setter regelverket bom stopp for meir busskjøring. Egentleg er det 10 år sia han gikk av med AFP-pensjon i 2006, i ein alder av 65 år, men dei siste 10 har het vorte litt vikarkjøring, og dei siste 3 åra har han køyrt skulebuss til Kårvatn og Hjellnes – ein liten tur på føremiddagen og ein tur på ettermiddagen.

sverrekjolstad_passasjerer_6787

På siste turen var det Oda som kom frå vidaregåande i Surnadal, og Tore T. Roaldset hengte seg på til Trudvangkrysset. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi hiva oss på den siste turen oppover til Kårvatn – Oda Kårvatn kom frå vidaregåande i Surnadal og skulle ha skyss heim. Tore Talgø Roaldset hengte seg også på til Trudvangkrysset. Med skikkeleg blåster og regnvêr var det både teleløysing, sørpeføre og isvegar på turen oppover til Kårvatn. Sverre måtte medgi at spesielt ruta til Hjellnes kunne være litt utfordrande på enkelte dagar med dårleg føre.  Men ein bussjåfør er vant til at ruta går uansett vêr og føre, – og snart var vi framme på Kårvatn.

sverrekjolstad_005

Fekk ny buss i haust etter at avtale mellom Nettbuss og fylkeskommunen var klar. No er det FRAM-logo på bussen. Foto: privat

I haust fekk han ny buss i nye fargar, og med FRAM-logoen til fylkeskommunen på. Men det er framleis Nettbuss som er operatør og har anbudskontrakt på drift av ruta, og dei skal køyre i fleire år framover, sjølv om Sverre sluttar no.  Sverre skryter av bussen, for gjennom ein 50-årig yrkeskarriere har det vore stor utvikling på bussane. No er det både servostyring, automatgear og andre hjelpemidler. Men så er det også mykje anna utstyr som ferdsskrivar som gjer opptak av køyremønster og følgjer med om han held ruta og held rett fart – tilsaman er det 4 plassar eg må logge på før eg kan starte køyringa, seier Sverre.

sverrekjolstad_barnebarn_6796

Barnebarnet Marina nytta også sjansen til å bli med bestefar Sverre på siste turen til Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Men fredag var det altså siste turen med skulebussen. Eg har egentleg kosa meg alle desse åra, og kjenner både vegane og folket godt, seier Sverre. Men no blir det nok litt andre aktivitetar etter kvart, sier han og antydar litt arbeid med ved, og elles litt heime og i hagen.  – Vi i Todalen.no har også vore så heldige å få god hjelp av Sverre med blokk, blyant og kamera, og det kan det kanskje bli betre tid til no? – Stangvik historielag har også meldt sin interesse, så det blir alltids noko å finne på trur Sverre som i dag parkerte bussen for godt.

sverrekjolstad_utstyr_6783

Det har vorte mykje avansert utstyr i bussane fortel Sverre. Han må logge seg på 4 plassar før han kan starte køyringa – mellom anna må han blåse ein alkotest. Foto: Jon Olav Ørsal.

 

 

 

Først publisert: 25. november 2016, 22:32 - Sist oppdatert: 26. november 2016, 13:54