Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2022

Vi fann 93 artiklar i dette arkivet.


Talgø lanserer ny MøreRoyal-kledning

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. november 2022

I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.


Lysmesse i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. november 2022

Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.


Tilbod om oppfriskingsdose til personar 18 – 64 år

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. november 2022

Surnadal kommune opna for at personar i aldersgruppa 18 – 64 år, utan underliggande sjukdommar, no kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon. 


Arbeiderpartiet har lista til kommunevalet 2023 klar

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. november 2022

Tysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023.  Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.  


Skal du kjøpe adventkalender må du være snar

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. november 2022

Trimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no.  Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten.  No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til […]


«Røykvarslerdagen 2022» på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. november 2022

Vinteren er høgsesong for boligbrannar – test difor røykvarslaren torsdag 1. desember! Det er oppmodinga Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale el tilsyn, brannvesenet og Gjensidige kjem med før «Røykvarslerdagen» på torsdag. «Røykvarslardagen» er eit mangeårig samarbeid mellom dei ovanfornemnte.


Bygdebok nummer 5 blir lansert laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. november 2022

Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.


Siste Kløverturen i 2022

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. november 2022

Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.


Stangvik Historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Stangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.


Bondehusbasar i Stangvik 3. desember

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Stangvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Bondehuset første helga i advent, nærare bestemt laurdag 3. desember klokka 16:00. Tradisjon tru blir det gratis mat og stort basarbord.  I tillegg blir det, tombola, luftgeværskyting, ballkast og pilkast.


Bli med på trim i Trudvang torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Torsdag 1. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Jubileum på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Surnadal kulturhus rundar tjue år i år, og det vil bli markert  laurdag 3. desember. Kulturskulen startar det heile med sin kaffekonsert klokka 12:00. Konserten kan godt krydrast i for- eller etterkant med eit besøk innom Finstuå. For der har Surnadal kunstforening utstilling «Haustlys», som verkar å treffe mange – og det på ein særleg positiv måte.