Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. november 2022

Stangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.

Innhaldet er snekra saman etter «ei oppskrift», som gjer at lesarane vil kjenne seg att. Her er mykje godt lokalhistorisk stoff, krydra med mange gamle foto.

Artikkelforfattarar i år er: Lars Kvande (dikt), Marit Haugen, Erling Myrbostad, Torbjørn Polden, Sturla Brørs, Svein Aarnes, Gunn Signe Aarnes, Ildri Kvande (dikt), Anders Sæterøy (redigert utdrag av avisartikkel frå 1938) og Odin Hals. Som vanleg har Mediahuset på Sunndalsøra levert grafisk arbeid frå øvste hylle.

Heftet kostar 150 kroner, og vert selt på lokale utsalsplassar. Ein kan også kjøpe årsskriftet ved å kontakte Marit Haugen eller Einar Grønnes direkte.

 


Medlem i Todalen.no – 


 

Publisert: 28. november 2022, 16:00