Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeiderpartiet har lista til kommunevalet 2023 klar

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. november 2022

Tysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023.  Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.  

Som tidlegare annonsert er dei to første på lista Annett Ranes og Helga Røv som henholdsvis ordførarkandidat og varaordførarkandidat.  Dei andre 25 namna er sette opp alfabetisk, og på lista er det ein kandidat med adresse Todalen, og det er Bjørn Gunnar Ansnes.  Ein kandidat er det også med adresse Kvanne, og det er Egil Nedal. 

Av dei 27 kandidatane er det 13 kvinner og 14 menn som stiller til val – mellom kandidatane er det eit aldersspenn frå 18 til 75 år, og det er prisverdigt at heile laget har ein gjennomsnittsalder på 44,4 år.  

Lista med APs kandidatar til kommunevalet i Surnadal i 2023. Lista vart einstemmig vedteke på medlemsmøte tysdag kveld.

Surnadal Arbeiderparti er medlem i Todalen.no

 

 

Publisert: 29. november 2022, 21:51