Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal du kjøpe adventkalender må du være snar

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. november 2022

Trimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no.  Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten.  No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til julaftan fortel Torill og Anita som er adventsjefar i TILs trimgruppe.

Det er mange flotte gevinstar – her ser du nokre eksempel som er kome inn – alle er kortreiste gevinstar «Made in» Todalen. Foto Torill Talgø

Dei er imponerte over oppslutninga både frå gjevarane av gjevinstar og kjøparar av loddar i adventlotteriet.  Alle dei har spurt om å bidra med gevinstar har sagt ja til det – og dei fortel at det kun er kortreiste gevinstar i adventlotteriet som i år blir arrangert for føste gong.  Vi lar Jenny Kvendset få representere gjevarane, og sjølvsagt er det eit par prima heimestrikka ullestar vi har fått frå Jenny.  Du kan snakke om signaturgevinst – det er kanskje ingen som har strikka og gjeve bort fleire ullestar enn Jenny?

Nok om det – dersom det er etternølarar som vil kjøpe lodd i adventlotteriet så hastar det no altså – du brukar berre Vippsnummeret for kjøp av årets julekalender er #523022 – kvart lodd kostar kr 100 og da er deu med på alle trekkjingane frå 1. desember og fram til jul – 24. desember blir siste gevinst trekt!  Vinnarane blir kunngjort på Todalen.no – dag for dag fram til jul.  Dette kan du berre gle deg til!

Publisert: 29. november 2022, 14:47