Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygdebok nummer 5 blir lansert laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. november 2022

Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.

Den nye boka blir lansert i Svorkasalen på Surnadal kulturhus 3. desember klokka 13:00.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne på boklanseringa! Her vil det bli ein presentasjon av boka og arbeidet med henne. Vidare vil frivillige som har vore med på arbeidet med boka, få ei velfortent påskjøning for innsatsen dei har lagt ned.  Etterpå blir det kaffe og kake, og moglegheit til å bla i eller å kjøpe boka.

Det vil også bli mogleg å få kjøpt boka:

  • Fredag 9. des. klokka 12:00 – 17:00 på Coop Extra
  • Laurdag 10. des. klokka 11:00 – 15:00 på Coop Extra

Dei tre nemnte dagane over vil det vera muleg å gjera eit superkupp på bygdebøker: Dei som kjøper det nye band, vil i tillegg kunne få kjøpe to tidlegare band for kr 500,- per stk.  

Bygdebøkene kan elles kjøpast på Surnadal bibliotek og på ARK Surnadal.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 29. november 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 28. november 2022, 17:58