Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart startar oppskytinga i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2024

Vi skriv snart midtsommar og St. Hans – dermed er det tid for å tenke på skyteprøve med tanke på storviltjakt i haust.  Søya og Todalen skytterlag starter med sesongens første skytekveld måndag 24. juni.  Det skjer på skytebanen i Ranheimsvingen, og det vil påga skyting i tidsrommet 18:00 – 20:00.  

No er det snart tid for å finne fram våpen og jaktutstyr for å starte med treningsskyting. Her frå standplassen på skytebanen i Ranheimsvingen. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Deretter vil det bli skyting kvar måndagskveld i heile sommar, til og med måndag 26. august, som er siste kveld med oppskyting i år, melder Søya og Todalen skytterlag. Det blir høve til å kjøpe ammunisjon på skytebanen, og skyttarlaget tek i mot betaling via Vipps, får vi opplyst. 

Alle må skyte minst 30 treningsskott, og treningsskytinga må forega på to separate kveldar før ein kan ta skyteprøven.  Skyteprøven består av 5 skott mot viltskive, og alle 5 treff må være innafor sirkelen på 30 cm. 

Først publisert: 14. juni 2024, 09:00 - Sist oppdatert: 13. juni 2024, 20:03