Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2023

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


Spiseforstyrring kan ramme alle – i alle aldrar

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. november 2023

Torsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset.  Det var Kari Løvendahl Mogstad  som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.


Sjølvbetent eggutsal i Pestua

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. november 2023

I Pestua er det no mogleg å kjøpe egg døgnet rundt, altså 24/7. Via det nybygde sjølvbetente utsalsrommet, ved sia av kjølelageret i hønsehuset. Her kan du få kjøpt XXL, store, usorterte og medium egg. Men Anders Karlsen understrekar at alle framleis er velkomne til å ta kontakt for å få kjøpt egg på same måte som tidlegare. Det same gjeld om ein ønsker å kjøpe bakaregg og for spesialbestillingar.   


Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. november 2023

Ståle Ansnes, frå Todalen Mjølk, kan rapportere om nypreparerte løyper i Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra. Han kan rapportere om jamnt over fine forhold for skigåing, men enkelte parti i traseen har litt lite snø enno. 


Lunningsplass og ny avkjøring i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. november 2023

På Nylevollen utafor Bjørås er det anlagt nytt steinbrudd i haust. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet og som i haust har arbeidd med uttak av stein. Kristen Bruset, som er grunneigar, fortel at det er bygging av ny lunningsplass og ny avkjøring for skogsbilveg som er på gang


Telefon og breiband «på lufta» igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. november 2023

Skaden på strumforsyninga til basen på Talgøsetra/Reiret var meir omfattande enn ein først trudde.  Men i 14.30-tida meldte Svorka at breibandsbasen og Telia mobil igjen er operative frå basestasjonane på Talgøsetra – etter at skaden er midlertidig reparert.


Bugge Wesseltoft til Vårsøghelga 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. november 2023

Sjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.


Er du utan breiband i dag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

Dersom du har breibandleveranse frå Svorka sin base på Talgøsetra/Reiret, så har du sikkert litt problem med kontakten dit.  Det har sin naturlige forklaring i tilfelle, for Solli Skog og tømmerdrifta ved Talgø Gard er den direkte årsaka. 


Fine forhold for skogsdrift no

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift.  Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar. 


Søndag er det julegatetenning

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. november 2023

Søndag 3. desemeber er første søndag i advent, og klokka 18:15, etter Todalen Idrettslag sin «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus, inviterer Todalen bøgdalag til tenning av julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø. 


Tekniske problem på rute 1061 Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  På grunn av teknisk feil var turen fra Kvanne kl 06:00 innstilt.  Frå kl 6.15 er det imidlertid normal drift igjen  på sambandet, melder Fjord1


Kløvertur i nydeleg vinterver

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. november 2023

Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.


Fintenkjarkveld med nogo attåt i Myrvang

Jon Olav Ørsal Måndag 27. november 2023

Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.