Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2023

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur i Talgømarka

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. november 2023

Todelen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!


Netthendte damer på strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. november 2023

Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer.  Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust.  I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?


Inviterer til «Trivselkveld» på hotellet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. november 2023

For å skape litt lys i novembemørkret, inviterer Surnadal Pensjonistlag til
«Trivselskveld» på hotellet 15. november klokka 19:00! – Dette byrjar bli ein tradisjon, fortel Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. 


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 3. november 2023

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe laurdag 4. november i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid.


Dugnad – Satsar på å bli ferdig til julebasaren

Jon Olav Ørsal Fredag 3. november 2023

I haust har det vore Forsamlingshuset på Nordvik vore stengt på grunn av oppussing av kjøkkenet.  Nordvik grendalag, som er huseigar, har lenge jobba med planar for ei oppgradering – sågar har det vore nemnt at det kunne ha vore like lurt å bygge nytt.  I sommar kom arbeidet i gang, og da var det i første omgang kjøkkenet som skulle få ein omgang, og etter plana skulle det meste av arbeidet gjerast på dugnad, unnateke rørleggar og elektrikararbeidet.


Idrettslagsbasar i ungdomshuset – førehandssalet held fram

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Søndag 5. november er det klart for årets idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus frå klokka 15:00 og utover ettermiddagen til rundt klokka 18:00. Førehandssal av lodd på felleslista via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-, og hugs å skrive namn på den lodda skal stå på når du vippsar, og siste frist er laurdag 4. november klokka 24:00. Folk frå idrettslaget vil også vere på Matkroken Todalen fredag 3. november frå klokka 10:00, for å selje førehandslodd. 


Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Søndag er det allehelgenssøndag, og Todalen Sokneråd inviterer til allehelgensgudsteneste klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Gudmund Husby og neste års konfirmantar deltek i prosesjon med lystenning. 


«Gullkveld» med Amerikabrev i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» inviterer til «Gullkveld» i Bondehuset torsdag 9. november klokka 19:00. Her vil Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter vil her presentere boka Amerikabrev med brev frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og søskena. 


O jul med din glede – på Hageland Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. november 2023

På Hageland Surnadal har dei førebudd seg på jula i lang tid – torsdag 2. november opnar «julebutikken», og da markerast starten med langopen butikk både på Hageland og hos naboen Byggmakker til kl. 20. Heile butikken bognar av julevarer, og du skal jammen være standhaftig og kjempe imot dersom du ikkje kjem i god julestemning når du kjem inn her.  Det er no knappe to månader til julaftan, og det er nok mange som tykkjer at dei har god tid på julehandelen enno.