Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Netthendte damer på strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. november 2023

Det er nok ikkje berre strikking som foregår på Strikkekaffen som Todalen Sanitetsforening arrangerer.  Nongnut Brusethaug gjorde i dag siste innspurt på ein fleire meter lang løpar som ho skal ha på spisebordet med plass til 12 personar på julaftan. Jammen eit praktfullt stykke handarbeid som ho har jobba med i haust.  I tillegg har ho laga ein til, som Todalen Sanitetsforening har fått, og den skal loddes ut no snart – her blir det nok kø for å kjøpe lodd?

Flott julemønster i løparen som er så stor at den er beregna på eit spisebord for 12 personar. Foto Jon Olav Ørsal

Strikke kaffen er eit sosialt arrangement, der både medlemar i saniteten og andre er velkomne for å treffast og ha det triveleg i lag.  Dette er eit populært arrangement som samlar mange deltakarar.  Det er ope for alle, om du er medlem eller ei og om du vil ha med handarbeid er heilt frivillig.  Og så er det heilt enkelt ein kaffedråppe med noko til som traktering – og serveringa går på omgang blant medlemane.  Neste strikkekaffe er laurdag 25. november, og det blir siste gong for i år. Men neste år er det nye mulegheiter!

Det er bra oppmøte på strikkekaffeen som Saniteten arrangerer – det er sosialt og triveleg å treffast på denne måten. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. november 2023, 15:52