Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar i ungdomshuset – førehandssalet held fram

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Søndag 5. november er det klart for årets idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus frå klokka 15:00 og utover ettermiddagen til rundt klokka 18:00. Førehandssal av lodd på felleslista via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-, og hugs å skrive namn på den lodda skal stå på når du vippsar, og siste frist er laurdag 4. november klokka 24:00. Folk frå idrettslaget vil også vere på Matkroken Todalen fredag 3. november frå klokka 10:00, for å selje førehandslodd. 

På basaren vil det i tillegg til gevinstane som blir trekt på felleslista vere eit dagsbord, der ein må kjøpe lodd på basaren for å vere med i trekninga. 

Det blir åresal, «drop in» hurtigsjakk og premieutdeling for trimåret 2022/23, lagseriestemne og «barn i løypa». 

Sal av kaffe, brus og bakels med graut. Så da er det berre å ta turen til ungdomshuset søndag, for å ta ettermiddagskaffen der i lag med andre!

Idrettslaget er takksame for gevinstar. Desse kan leverast på Matkroken Todalen eller i ungdomshuset søndag 5. november klokka 14:00 – 14:45. 

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen på idrettslagsbasar!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. november 2023, 18:07