Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

O jul med din glede – på Hageland Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. november 2023

På Hageland Surnadal har dei førebudd seg på jula i lang tid – torsdag 2. november opnar «julebutikken», og da markerast starten med langopen butikk både på Hageland og hos naboen Byggmakker til kl. 20. Heile butikken bognar av julevarer, og du skal jammen være standhaftig og kjempe imot dersom du ikkje kjem i god julestemning når du kjem inn her.  Det er no knappe to månader til julaftan, og det er nok mange som tykkjer at dei har god tid på julehandelen enno.

No gler vi oss på opninga, seier butikksjeg Jelena Johnsen. Foto Jon Olav Ørsal

Jelena Johnsen, som er butikksjef på Hageland Surnadal starta i jobben i august, og begynner no å bli varm i trøya.  – Ho fortel at heile gjengen har stått på mykje den siste tida for å få klar butikken til opninga. Vi er heldig som har mange dyktig medarbeidarar som har stått på for å få alt klart. Torsdag opnar vi «julebutikken», og da må alt være ferdig, slik at vi kan bruke tida vår på kundane.  Vi har faktisk utruleg mange kundar som kjem langvegs frå for å handle i butikken vår.

 

Anita har vore ein av arkitektane i julebutikken på Hageland. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt har vi langope på opningsdagen torsdag 2. november – da serverer vi kaffe og nysteikte bakels til kundane i samarbeid med Byggmakker som også har langopen butikk denne kvelden. Til borna har vi sjølvsagt kakao i staden for kaffe. 

Borghild har oversikten i juletreskogen – Foto Jon Olav Ørsal

Det er faktisk mange som startar julehandelen tidleg, og på Hageland har dei alt pakka inn julepakkar lenge no.  – Startar du tidleg så har du sjølvsagt det største utvalet og du kan handle og spekulere i ro og mak, utan stress og tidspress.   Mange kjøper da også gåver som skal sendast langt, både i inn og utland, og da er det ein ubetinga fordel å starte i god tid.  

Oddmund er møbelmannen på Hageland – akkurat no køyrer han knalltidbud på alle møblar. Foto Jon Olav Ørsal

Blomster til jul
Det er enno ei tid før juleblomstrane kjem, men no har vi mykje grønplanter og utplanter på tilbod. 
Før jul har vi mykje leveransar av juleblomster, bukettar og samanplantingar til både firma og private som skal ha blomstergåver til kundar og tilsette – her lønner det seg å være tidleg ute med bestillingar, adresser og eventuelt spesielle ønske

Skal du ha sammenplantingar, bukettar eller anna blomster til tilsette eller venner så lønner det seg å bestille i god tid, seier Jelena og Ida i «blomsterkroken». Foto Jon Olav Ørsal

Vi er forresten heldige som kan feire ei fredeleg jul, når ein tenkjer på korleis det er ute i den store verda, seier Jelena til slutt.

Bildeglimt frå «julebutikken» på Hageland Surnadal  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. november 2023, 05:00