Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Gullkveld» med Amerikabrev i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023

Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» inviterer til «Gullkveld» i Bondehuset torsdag 9. november klokka 19:00. Her vil Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter vil her presentere boka Amerikabrev med brev frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og søskena. 

Prosjektet er eit samarbeid mellom Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag, og er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal kommune og Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. 

«Forrige høst fandt vi en creek som nu viser sig at være det rigeste guldfund i America.», står det å lese i brevet eitt av breva frå Fredrik Bruseth til foreldra sommaren 1897. Eit skikkeleg gledessjokk. Med eitt slag er han blitt mangemillionær, og foreldra er redda frå gjeld og skam.

«Gullkongen»: På ein og same dag, 19. juli 1898, leverte Fredrik Bruseth 118,6 kilo gull til oppkjøparar i San Francisco. Foto: Frå boka Amerikabrev

Brevet står å lese i boka Amerikabrev, der brev til og frå «Gullkongen» Fredrik Bruseth og fire søsken er samla. Alle drog dei til Amerika for å hjelpe foreldra økonomisk. Dei var «økonomiske flyktninger og lykkejegere», skriv Lars Ramsøy-Halle i forordet. Det er Lars som har samla breva frå medlemmer av sin eigen familie.

I tida framover blir Amerikabrev presentert fleire stader. Først ute er naturleg nok Bondehuset i Stangvika, finansiert av «Gullkongen» sjølv for meir enn 100 år sia.

Lars Ramsøy-Halle og Svein Sæter vil fortelje om boka og viser bilete frå det utrulege gullrushet til Klondike. Tidlegare har dei to samarbeidd om musikalen Stjernestøv, inspirert av det same stoffet.

Lars Ramsøy-Halle trykte eit mindre opplag av Amerikabrev for tre år sia, først og fremst med tanke på slekt og vener. No har Blomsterhaug forlag gjort andre utgåve av boka tilgjengeleg for langt fleire lesarar. Det er prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» som er arrangør, og det er fri inngang. Sal av Kaffe, tea og noko å bite i!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. november 2023, 07:22