Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2019

Vi fann 48 artiklar i dette arkivet.


Mista veska di?

Elinor Bolme Onsdag 31. juli 2019

I dag vart ei Dakine veske/toalettmappe funnet i Brusetmarka. Den inneheld blant anna eitt medisinskrin med dagsrasjonar.


Salongsalg på Tovbu

Elinor Bolme Onsdag 31. juli 2019

Dei siste dagane har det vore stor aktivitet på Tovbu i forbindelse med rydding i det gamle meieriet i Øyagrenda. I den anledning blir det arrangert «salong-salg» i dag og i morgon mellom klokka 16 og 18, fortel Sigrid Elise Talgø.


Dugnad på kyrkjegarden

Elinor Bolme Tysdag 30. juli 2019

Kyrkjegarden har i sommar vore slått på dugnad. Dette har stort sett vore organisert av Ragnar Halle og Eivind Grønmyr. Førstkommende torsdag kl 18 skal dei til med ei ny økt, og treng hjelp til å slå heilt inntil gravstøttene og rundt kyrkjegardsmuren.


Syklistar: Ta ansvar, bruk lys i tunellen!

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juli 2019

Det er Solveig Glærum som kjem med denne oppfordringa. Ho seier at det er alt for ofte at ho kjører gjennom tunellen at ho treffer syklistar og gåande som ikkje har lys fram og bak på sykkelen – og ikkje skikkeleg refleks.


Stein på vegkanten

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juli 2019

Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.


Bryllupsfeiring med rikhaldig konsert

Tekst og foto: Bernt Bøe Sundag 28. juli 2019

Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle feira bryllaup i vinter. Laurdag inviterte dei til heidundrande musikalsk etter-lag som open gratiskonsert i Stangvik-kyrkja. Svein og hans sunnmørske slektningar stod for det meste av programmet. Og for ein musikkfamilie! Orgel, klarinett, fløyter, horn, solosong, familiekor – og endatil ein 7-årig fiolinist gledde og imponerte den store forsamlinga. Frå vennekretsen deltok pianist (og komponist) Svein Gjære, munnspelaren Ola Bræin og pianist Hedda Hansen Berg.


Innerdalen – mannen som har vore sakna er funnen

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juli 2019

I Innerdalen har det i natt og i dag vore sett i gang leiteaksjon etter ein mann i slutten av 60-åra. Mannen dro ut på tur onsdag, og har overnatta på Bårdsgården i Storlidalen natt til torsdag. I kveld vart mannen funnen i god behald av turgåarar, skriv adressa.no


Stenger salongen i heimen

Mari B. Redalen Fredag 26. juli 2019

Merete Husby som har dreve med frisørsalong heime i bustadfeltet på Kvennset, har gitt oss beskjed om at desverre har ho ikkje tid og kapasitet til dette lengre.


Laurdag: Inviterer til gratis sommarkonsert

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juli 2019

Laurdag 27. juli blir det sommarkonsert i Stangvik kyrkje. – Det er Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle som inviterer til konsert med slekt og vener som aktørar for eit variert program med m.a. Mozarts klarinettkonsert i a-moll ved Roar Alnes Aarum på klarinett og Margaret Standal Volle Haugland på orgel.


Siste helg i arboretet

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juli 2019

Svinviks arboret minner om at det går mot sesongslutt denne helga. Komande søndag (28/7), er siste ordinære opningsdag denne sesongen, og opningstida både fredag, laurdag og søndag er frå kl.11 til kl.16.  Ta gjerne ein tur innom i godvêret, oppfordrar Maja Frønes, som også minner om at neste sjanse til å besøke arboretet blir under Norsk Vandrefestival, 16- […]


Varmebølge – godt å kjøle seg ned

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juli 2019

Natt til onsdag var det ikkje langt unna at vi hadde tropenatt i Todalen, men sjølv om denne sjansen glapp i natt så blir det fleire. For varmen vil vedvare til over helga, og først tysdag og onsdag i neste veke vil vindretninga dreie på nordvest og gi litt nedbør og kaldere vêr. I dag har vi sett trettitalet på gradstokken og det vil vi nok få sjå dei neste dagane og.


Vi må hjelpe dei unge inn på eigedomsmarknaden

Elinor Bolme Torsdag 25. juli 2019

Utbygging av leilighetskompleks har vore aukande dei siste åra i Surnadal. Fleire godt vaksne går frå einebustader til leiligheter sentralt med alt på eitt plan. Og einebustadane i sentrale strøk blir selde for ca 2 millionar, minst. Men her er det ei kjøpegruppe som ikkje har ein sjanse, og det er dei nyutdanna som vi har fått heimatt til bygda, fortel Annett Ranes og Egil Nedal i Surnadal arbeiderparti.