Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bryllupsfeiring med rikhaldig konsert

Tekst og foto: Bernt Bøe Sundag 28. juli 2019

Einy Rendal Elgsæther og Svein Volle feira bryllaup i vinter.  Laurdag inviterte dei til heidundrande musikalsk etter-lag som open gratiskonsert i Stangvik-kyrkja. Svein og hans sunnmørske slektningar stod for det meste av programmet. Og for ein musikkfamilie! Orgel, klarinett, fløyter, horn, solosong, familiekor – og endatil ein 7-årig fiolinist gledde og imponerte den store forsamlinga. Frå vennekretsen deltok pianist (og komponist) Svein Gjære, munnspelaren Ola Bræin og pianist Hedda Hansen Berg.

Einy og Svein opna konserten med å lesa Salme 121 frå Bibelen. Foto: Bernt Bøe

Storarta orgel- og klarinettspel
Mest imponert vart eg over solistane på orgel og klarinett. Giske-kantor Margaret Standal Volle Haugland ramma inn konserten med fransk musikk i virtuost format – Widors «Toccata» frå Orgelsymfoni nr. 5 og Duruflés Variasjonar over «Kom, Hellig Ånd, med skapermakt». Og midt i programmet tok ho pusten frå folk med jazz-dansande «Kven kan seia ut den glede» av Mons Leidvin Takle. Elles akkompagnerte ho også «heile slekta».
Klarinettspel på toppnivå stod Roar Alnes Aarum for. Ein Bach-sats frå Fiolinpartita i g-moll vart ei tonal og uttrykksmessig openberring. Mozarts Adagio frå Klarinettkonserten minte, som programleiar Svein Volle sa, om himmelen! Og med sin folketoneinspirerte modernisme vart Johan Kvandals Fantasi eit av konsertens høgdepunkt.

Kantor Margaret Standal Volle Haugland trakterte orgelet med virtuositet. Foto: Bernt Bøe

Brudgomen med velklingane solosong
Trass i litt konsentrasjonssvikt i ein Handel-arie viste brudgom og programleiar Svein Volle ei uvanleg velklingande barytonstemme. Aller best lika eg Dvoraks Bibelske Salmer, der han nyanserte uttrykket praktfullt og rørande – etter tekstinnhaldet. Her gav Hedda Hansen Berg eit utsøkt og lyttande tonefølgje. Volle song også fire salmar fint tonesette av akkompagnatør og kompanjong Svein Gjære. Songar med mange likeforma vers krev variasjon i vokaluttrykk og klaverspel. Dette vart best ivaretatt i Landstads «Jeg løfter opp» og i slutten av Kingosalmen «Opp, sjel».
 
Ak, mon min Vei – frå Breidablikk på Kvanne
– Noko av det fine med Nordmøre er alle dei vakre folketonane innsamla av Edvard Bræin, sa programleiar Volle. Beste bevis på denne kvaliteten er framføringar slik sønnen Ola Bræin gjorde det på sitt sarte munnspel – og med gode kommentarar til. Vi fekk høre Bruremarsj frå Aure, bånsullen Pussikrull, Julverset, Som sig en Fader forbarmer og Ak, mon min Vei til Kanaan. Sistnemnte, som no også står i salmeboka (Tal vennlig til Jerusalem) og som Bræin-ekspert Dordi Bergheim sa var den vakraste av dei alle, vart forresten nedskriven hos Johan Aasgaard på Breidablikk – den gråmåla stua ved Kvanne ferjekai, som publikum passerte på veg heim frå denne konserten!

Brudgomen viste sin vakre barytonstemme gjennom fleire songar i konserten. Foto: Bernt Bøe

Kor, fløyter, horn, fele – og lur
Det relativt lange programmet baud elles på innslag med resten av dei sunnmørske slektningane – familiekoret Standal-Volle, fløytistane Randi Alnes og Kristin Alnes Klami og hornisten Egil Alnes. Vi hørte blant anna Pie Jesu (Lloyd-Webber), Oblivion (Piazolla) og Ut mot havet (Fliflet Bræin). Ekstra sjarmerande var vesle Elise (7-år) si framføring av sistnemnte stykke som fiolinsolo!
 
Forsamlinga fikk delta i tre allsongar.
 Og trur du ikkje at to lurblåsarar i ekkospel tok imot heile forsamlinga da dei kom ut på kyrkjebakken i sommarkvelden. Vakrare kan det nesten ikkje bli!

Lurblåsaren ved prestegardsnaustet spela vekselmusikk med kollegaen på kyrkjetrappa. Foto: Bernt Bøe

7-årige Emilie blir intervjua av Svein Volle. Deretter spela ho «Ut mot havet» med fint strøk og innleving. Foto: Bernt Bøe

Ola Bræin spela m.a. «Ak, mon min vei til Kanaan». Her innfelt ved Breidablikk på Kvanne, der faren Edvard Bræin i sid tid noterte denne melodien etter Johan Aasgaard. Fotomontasje: Bernt Bøe

Roar Alnes Aarum viste klarinettspel av høg klasse. Foto: Bernt Bøe

Brur Einy takka utøvarane med roser etter konserten. Foto: Bernt Bøe

Publisert: 28. juli 2019, 08:27