Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2024

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Fjord1: Mange ruter innstilt,men vurderer værsituasjonen fortløpande

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. januar 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna dårleg vêr har sambandet vore stengt tidlegare i kveld. Det er nok ikkje kvennaferja åleine om – mange ferjeruter og hurtigbåtruter er innstilt i kveld. Dersom du skal ut å reise bør du sjekke kva ferjeruter som går på Frammr.no eller fjord1.no Det vert normal drift i sambandet igjen […]


Normal skuledag for både grunnskulen og vidaregåande torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

Ekstremvêret Ingunn har ikkje vore så hardt i vårt område, som først meldt. Det er difor bestemt at det blir vanleg skuledag, både for grunnskulen og vidaregåande torsdag. Dette vart bestemt på eit møte i kriseleiinga i Surnadal kommune no på ettermiddagen. Bakgrunnen for dette er at farevarselet for Surnadal kommune er justert ned, frå oransje til gult nivå.   


«Kaffekrokens venner» igang med trim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

I dag starta «kaffekrokens venner» opp med sin vekentlege trim på Hett & Svett. Sju stykker frå gjengen, som «normalt» er å finne i kaffekroken på Matkroken Todalen, hadde møtt fram denne første gongen. Under kyndig rettleiing frå Kjell Gunnar Polden fekk dei prøve mange forskjellege øvingar i løpet av timen som var avsett til dagens trim. 


Ekstremêret Ingunn fører til stengte skular onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Det er som følge av ekstremvêret Ingunn, som når store delar av Møre og Romsdal i løpet av onsdag ettermiddag og kveld, meldt oransje farevarsel. Alle grunnskulane i Surnadal kommune og Surnadal videregåande skole, i likheit med dei andre videregåande skulane i Møre og Romsdal difor halde stengt onsdag. Elevane som går på vidaregåande får i staden heimebasert undervisning, medan grunnskuleelevane ikkje får slik undervisning.   



Inviterer til «Barnas mini-VM» på Nordmarka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Onsdag 14. februar frå klokka 18:00 inviterer Surnadal Idrettslag Ski, i samarbeid med Sør-Trøndelag skikrets, til «Barnas Mini-VM» på Nordmarka skistadion. Utdeling av startnummer frå klokka 17:15. Det er mogleg å få låne ski, sko, stavar, med meire for barna. 


Gjorde seg kjent med Talgø og Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. januar 2024

Måndag og tysdag var leiinga i Bindal kommune på besøk hos Talgø – det var nyvalt ordførar Frode Næsvold, kommunedirektør Knut Thoressen og saksbehandlar Camilla Brevik.  Dei var på Nordmørstur i anna ærend, og tok da turen til Todalen.


Vil du bli ein av oss?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre. Det er spørsmålet Møre bispedøme og prost Vidar Wilhelmsen Rygh stiller i utlysingsteksta, når dei no søker etter prest i Indre Nordmøre prosti, med kyrkjene i Surnadal som særskild tenestestad. Stillinga vart lyst ledig også førre sommar, utan at det resultert i tilsetting. 


Laurdag: Selebert besøk i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Måndag 29. januar 2024

Laurdag 3. februar kjem det besøk utanom det vanlege til Kaffekroken på Hals-bua og til Todalen kyrkje.  Da kjem preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit på besøk og kaffelag på Kaffekroken.  Fykse Tveit skal være på Nordmøre frå torsdag til søndag, og han skal saman med sitt følgje innom fleire plassar på turen – mellom anna Tingvoll, Smøla, Kristiansund og til Averøya.  Med i følgjet blir biskop Ingeborg Midttømme og prostane Vidar W. Rygh og Sindre Kulø.


Inviterer til «Skuddårsquiz» fredag 1. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. januar 2024

Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga! 


Rådyra lurer på vegkanten

Jon Olav Ørsal Måndag 29. januar 2024

Plutseleg stod dei på vegkanten!  Du treffer på dem på vegkanten, og da er det berre å stoppe, for både rådyr og hjort som krysser vegen kan være veldig uberegnelege og smeller det så er det du som har skulda! Søndag kveld var det 8 rådyr på vegkanten på Kvennset, og jammen klarte vi ikkje å knipse eit par bilder i lyset frå bilen og gjennom frontruta. 


Ny russerevy – arbeidet er kome i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 28. januar 2024

Vi likar å kalle revyen vår for avgangsrevy heller enn russerev – årsaka til det er at vi vil inkludere alle avgangselevane i revyarbeidet – ikkje berre årets russekull. Deit to revysjefane, Kirsten Marie Nordvik og Jannicke Valstad Stenberg har denne helga invitert lokalpressa for å informere om revyarbeidet som no altså er igang.  Og dei to virka som dei hadde full kontroll, for 7., 8. og 9. mars må dei ha alt klart, for da kjem 3 forestillinger på løpande band i Storstua på kulturhuset.