Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Normal skuledag for både grunnskulen og vidaregåande torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

Ekstremvêret Ingunn har ikkje vore så hardt i vårt område, som først meldt. Det er difor bestemt at det blir vanleg skuledag, både for grunnskulen og vidaregåande torsdag. Dette vart bestemt på eit møte i kriseleiinga i Surnadal kommune no på ettermiddagen. Bakgrunnen for dette er at farevarselet for Surnadal kommune er justert ned, frå oransje til gult nivå.   

Ekstremvêret «Ingunn» kan framleis føre til stengte vegar, bruer, fergestrekningar og bortfall av straum og telefon somme plassar, men sjansen for dette har minka mykje i vårt område. 

Du kan følge Surnadal kommune på Facebook

Framleis blir folk oppmoda om å følge med på trafikkmeldingane på 175.no og vêrsituasjonen på yr.no

Publisert: 31. januar 2024, 16:13