Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2024

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Legevakta på flyttefot

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Den interkommunale legevakta i Orklandsregionen, som Surnadal kommune er ein del av, flyttar inn i nye lokale frå og med torsdag 1. februar klokka 15.30. Ny adresse er Tunvegen 15, 7320 Fannrem. Legevakta vil fram til torsdag 1. februar klokka 08:00 vere lokalisert i dagens lokaler, og flyttar altså til Fannrem klokka 15:30 same dag. 


Kveld med fokus på eldreomsorg og velferdsteknologi

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2024

Det var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt.  Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.


Trollheimsutstillinga – og dei som laga kulissane

Jon Olav Ørsal Måndag 22. januar 2024

Før helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken.  Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak.  Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990.  Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med. 


Årets første bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. januar 2024

Fredag 26. januar, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Dette markerer dei med «nyttårstilbod» på grovbrød. Da får du grovbrød til kr. 45,- per brød.  


Inviterer til «felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. januar 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


Ordinær ruteplan på sambandet Kvanne – Røkkum

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2024

Frå måmdag 22. januar kl 11:00 vil det bli ordinær ruteplan på sambandet Kvanne – Røkkum.  Frå dette tidspunktet er også MF Stangvikfjord på plass for å betjene sambandet. 


Redningsaksjon i Sula søndag ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2024

Søndag ettermiddag er tre personar tekne av snøras i området Sula/Svinvikbotn. Ifølgje politiet vart dei ført rundt 300 meter nedover fjellsida. Ein person har fått kneskade, og er henta ut av helikopter. Dei ta andre tek seg ned på eiga hand.  Så langt er dette alt vi veit om redningsaksjonen.  



Snøskredfare på orange nivå i Trollheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2024

Varsom.no melder om stor snøskredfare på orange nivå for Trollheimen dei komande dagane.  Kraftig vind gir stor snøforflytning og mykje skavlar vil bygge seg opp. Det kan være svært lett å løyse ut skred, og skred kan løsne naturleg. Unngå difor leområder der det samler seg fersk fokksnø, anbefaler Varsom.no.


Strikkekaffe – godt å treffast igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. januar 2024

Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen.  Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best?  – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset. 


Litt roleg på kinoen – men gode stikk

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. januar 2024

Mange gode kort på Surnadal kino no, og Seniorfilmklubben tek det første stikket. For det er klassikaren frå 1973, med Robert Redford og Paul Newman, som er sett øvst på plakaten i filmklubben denne vinteren. Onsdag 24. januar klokka 12:00 blir det ragtimemusikk og «høk-over-høk» (eller «skurk-lurar-skurk», som kanskje er meir forståeleg i dag). «The Entertainer», musikken frå «Stikket», vil dei fleste kjenne att.


Årsmøte i Surnadal Senterparti

Jon Olav Ørsal Fredag 19. januar 2024

Nå er det klart for årsmøte i Surnadal Senterparti. I år møtes vi på Frivilligsentralen tirsdag 23. januar kl 19.30. 
Vanlige årsmøtesaker. Om noen har saker til årsmøtet send dette på sms til 91343036, Silje Beate Holten innen 20 januar.  Det blir matservering på møtet.