Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsutstillinga – og dei som laga kulissane

Jon Olav Ørsal Måndag 22. januar 2024

Før helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken.  Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak.  Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990.  Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med. 

Frå venstre Anne Einum, Anne Ma Nyheim, Kristin Mogstad og Anne Øye. Foto utlånt av Kjell Smenes

Vi har fått nokre bilder frå Kjell Smenes og kona Brit, og vi vil presentere desse bileta her – dei hadde namn på alle som er med på bilda.  Det var nok litt av ein jobb å lage disse kulissane og det er artig at dei framleis er i slik stand at dei kan brukast når utstillinga blir montert på ny. 

Her kjenner vi att Neådalssnota. Foto utlånt av Kjell Smenes

Vi kunne tenkt oss litt meir informasjon om kvar motiva er henta frå, det er kanskje samansette bildemotiv som er tekne ut frå fantasien.  Vi kjenner imidlertid att Neådalssnota på den eine kulissa – kanskje du kjenner andre motiv?

Orrhaneleik – er det idyll frå Folldalen kanskje? Foto utlånt av Kjell Smenes

Som sagt så ville vi sette stor pris på meir info, både om prosjektet den gongen utstillinga vart laga i 1990 og anna aktuell info.  

Her har dei fått med seg ein profesjonell som seeinar vart proffesor. Randi Hatle, Brit Smenes, Jon Arne Mogstad og Anne Ma Nyheim. Bilde utlånt av Kjell Smenes

 

Publisert: 22. januar 2024, 18:00