Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2024

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Seniorfilmklubben viser dramathrillar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. januar 2024

Onsdag 31. januar klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben i Surnadal dramathrillaren   på Surnadal kino. Filmen er laga i 2006. 


Førebur neste vinter

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. januar 2024

Det er nok mange som i vinter har opplevd av det har minka sterkt i vedlageret. Sjølv om varmepumpene har overteke mykje av oppvarminga, så er det nok mange som likar å fyre litt i ovnen i tillegg.  Gudmund Kvendset er ein av dei som likar best varmen frå vedovnen – og det ser ikkje verre ut enn at det blir råd for litt varme til neste vinter og.


Satsar med godkjent mesterbedrift i ein tøff marknad

Jon Olav Ørsal Fredag 26. januar 2024

Med gjennomsnittsalder på 24 år så må dei kunne påberope seg at det er eit ung miljø i NordHus AS.  Men sjølv om dei er ung så har dei alt skaffa seg god og verdifull erfaring som snekkarar.  Det er Kristoffer Nordvik og Eirik Nordvik som i dag eig bedrifta i lag – med 50% kvar.  Kristoffer og Eirik har satsa for fullt, og har det siste tida satsa på mesterbrevet – og no er NordHus godkjent mesterbedrift.  


Sjeldan gjest på besøk på Kvennset

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2024

Tru om det ikkje er var årets første solgløtt på Kvennset i dag?  Det har vore sagt at første dag med sol på Talgø-fabrikken er 21. eller 22. -alt etter om det er skottår eller «vanleg» år.  Først ute for å få sola er nok Todalshaugen og så Sissigrenda.  Vidare kjem nok sola vidare oppover […]


Påminning: Stem på årets bilete 2023!

Guro Redalen Torsdag 25. januar 2024

Fra tellekorpset kan det meldast at det er svært tett i teten og få stemmer som skil topp fire av kandidatane som er med i kampen om den høgthengande og gjeve tittelen årets bilete 2023. Det er berre å finne sin favoritt og tastaturet for å avgi stemme! Og det før midnatt søndag.


Nyttårsfest for eldre – populært tiltak

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2024

Surnadal demensforening og helselag inviterte til nyttårsfest for eldre torsdag ettermiddag og kveld.  Liv Botten som er mangeårig leiar i foreninga var spent på om det vart nokon respons på invitasjonen, men der tok ho feil. Da fristen for påmelding var ute hadde ho over 80 namn på lista, og da var det berre å trø i gang i samarbeid med Thon Hotel Surnadal. 


Tekne av snøras – men det gjekk heldigvis bra!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. januar 2024

På søndag hadde brørne Martin (20) og Håvard (22), saman med kompisen Ruben (22), alle tre frå Trondheim, bestemt seg for å ta ein skitur til Strengen. Da dei til parkeringsplassen på Vang, fekk dei sjå Sula, og sia det såg ut som ein meir krevjande skitur, valte dei å sette seg i bilen att og køyre til Nordvik. At dette valet skulle innebere ein skitur av det dramatiske slaget, var det ingen av dei tre som tenkte på da køyrde innover til Nordvik. Dei parkerte på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, og starta på turen opp til Sula. 


Gunn Marit Nisja med «Gullungen»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. januar 2024

Sunndalingen kom med sin sjette roman før jul og vil presentere innhaldet i denne på Surnadal bibliotek tysdag 30. januar klokka 19.30. «Gullungen» er, etter kva ho sjølv seier, «ein roman om søskenkjærleik, tjuvfiske og utanforskap i den vesle bygda Grodal», og krydrar historia med mykje materiale henta frå eigen oppvekst på Nordmøre.


«Kaffekrokens venner» startar opp med trim på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. januar 2024

«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.


Mykje vatn som skaper utfordringar

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. januar 2024

Regnet dei siste dagane har ført til både store dammar og inntrenging i både kjellarar og bygg. Heldigvis har det vore opphaldsvêr det siste døgnet, så no er vatnet på retrett.  Ein av plassane som har fått føling med vassmengdane er på Todalen kyrkjegard, der synkebrønnen  var frose til da regnvêret stod på som verst.


Kvanne – Rykkjem: No er det normal drift

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.


Balleik i gymsalen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.