Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tekne av snøras – men det gjekk heldigvis bra!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. januar 2024

På søndag hadde brørne Martin (20) og Håvard (22), saman med kompisen Ruben (22), alle tre frå Trondheim, bestemt seg for å ta ein skitur til Strengen. Da dei til parkeringsplassen på Vang, fekk dei sjå Sula, og sia det såg ut som ein meir krevjande skitur, valte dei å sette seg i bilen att og køyre til Nordvik. At dette valet skulle innebere ein skitur av det dramatiske slaget, var det ingen av dei tre som tenkte på da køyrde innover til Nordvik. Dei parkerte på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, og starta på turen opp til Sula. 

Redningsmannen nesten nede ved den skadde skiløparen. Foto: Privat

Dei fekk på seg utstyret og starta på turen opp til Sula. Da dei hadde passert Sulriset, tok dei av seg skiene og festa dei på sekkane sine, for å gå til fots oppover eit stykke. På tur opp mot Sulaksla, vart dei tekne av eit flaksnøras, og dei vart ført, for det meste under snøraset rundt 300 meter nedover fjellsida. Da raset stoppa, låg alle tre oppå raset i friluft, men Ruben og Martin såg ikkje Håvard, så Martin ringde med ein gong nødnummeret for å varsle om raset, slik at dei kunne få hjelp å finne Håvard. Tid er ein kritisk faktor ved snøras der folke er begravd inne i massane. Medan Martin snakka med operasjonssentralen, fekk dei sjå at Håvard låg eit stykke lengre oppe i raset, og han låg også i friluft. Han hadde fått ei vridning i kneet, og klarte ikkje å reise seg.

Politiet fekk rekvirert eit redningshelikopter, som var på tur frå eit anna oppdrag og difor var i nærleiken, så helikopteret var raskt på rasstaden. Der fekk dei raskt teke Håvard opp i helikopteret for å flyge han til St. Olavs hospital i Trondheim for behandling. Politiet og helsepersonell oppretta operasjonell base for redningsaksjonen på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, der bilen til dei tre stod parkert. 

Ruben og Martin, som var uskadde, tok med seg utstyret til Håvard og kunne renne ned til operasjonsbasen på eiga hand. Her fekk dei medisinsk tilsyn og ein prat med helseperssonell og politiet, før dei kunne køyre heim att til Trondheim. 

Den skadde skiløparen blir heist opp i helikopteret og frakta til St. Olavs hospital i Trondheim. Foto: Privat

Kva tenkte de da raset kom og de vart liggande inne i raset og ført nedover fjellsida? – Vi rakk egentlig ikke å tenke så mye, men vi rakk å tenke, at nei, no dør vi, seier Ruben og Håvard. – Når raset stoppet lå vi heldigvis oppå raset og var ikke begravd i det, legg dei til.    

Hadde de med dykk skredutstyr? – Ja, vi hadde med oss skredutstyr og skredvarsler, seier dei to. – Og det kjem vi definitivt til å ha med på alle skiturar på fjellet heretter, legg dei til. 

Dei tre har gått mange skiturar til mange fjell, og har ikkje teke skrekken etter hendinga på søndag, – men vi kommer til å gjøre en grundigere vurdering av forholda og rasfaren etter dette, seier Håvard og Ruben. – Det var en skikkelig skummel opplevelse, og vi var veldig heldige at det gikk så bra som det gjorde, og at vi fikk hjelp så fort, avsluttar dei.  

Det vart, som vi ser, ein dramatisk søndag for dei tre kompisane, men heldigvis gjekk det bra utan større skadar!  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: 25. januar 2024, 06:30