Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Satsar med godkjent mesterbedrift i ein tøff marknad

Jon Olav Ørsal Fredag 26. januar 2024

Med gjennomsnittsalder på 24 år så må dei kunne påberope seg at det er eit ung miljø i NordHus AS.  Men sjølv om dei er ung så har dei alt skaffa seg god og verdifull erfaring som snekkarar.  Det er Kristoffer Nordvik og Eirik Nordvik som i dag eig bedrifta i lag – med 50% kvar.  Kristoffer og Eirik har satsa for fullt, og har det siste tida satsa på mesterbrevet – og no er NordHus AS godkjent mesterbedrift.  

Kristoffer Nordvik og Eirik Nordvik eig NordHus AS i lag – 50% kvar. Foto Jon Olav Ørsal

Begge dei to eigarane har starta sin karriere med tømrarutdanning, og har vore lærlinga hos Consto Surnadal.  Kristoffer fikk fagbrevet i 2019, og starta da med eige firma. Etter 3 år åleine så kom Eirik med som eigar og dei to har i dag 50% kvar i selskapet.  I tillegg til full jobb i firmaet har dei begge to gått gjennom mesterbrevutdanninga den siste tida, og er no glade for å ha mesterbrevet på plass. 

I dag er dei 4 som har sitt daglege virke i NordHus – i 2023 kom Even Engset og Vegard Gjul med som snekkarar – dei kom også begge frå Consto Surnadal med fagbrevet i lomma.  Altå er dei 4 ungdommar som har satsa på snekkaryrket og er klare for byggeoppdrag av alle slag. 

Kristoffer Nordvik og Vegard Gjul frå NordHus AS. Foto Jon Olav Ørsal

Kristoffer Nordvik seier at dei er spente på utviklinga i byggebransjen, men at dei er optimistar av natur og har god tru på framtida.  -Vi har tross alt overlevd godt i ei tid som har vore prega både av pandemi, prishopp på materialer og ikkje minst rentehoppet vi opplever i dag.  No vil vi konsolidere og følge med utviklinga vidare inn i framtida.  Vi har imidlertid god kontakt i bransjen og føler at vi er godt etablert etter kvart.  Mange positive tilbakemeldingar gjer at vi føler at vi har god tillit i marknaden.  Men konkurransen er stor og vi ser at det er nødvendig å stå på og halde seg oppdatert i fortsettinga også.  

Publisert: 26. januar 2024, 16:00