Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kaffekrokens venner» startar opp med trim på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. januar 2024

«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.

Gjengen har ei stund prata om å begynne å trimme litt på Hett & Svett, og no er Ragnar (Dala) Halle valt til kontaktperson og leiar for trimgjengen, medan Kjell Gunnar Polden har teke på seg å vere instruktør og rettleiar. – For meg, som er MDG-mann, er det viktig å følge opp ting som står i partiprogrammet vårt, og fysisk aktivitet for vaksne er MDG opptekne av, så derfor sa eg ja til å vere instruktør og rettleiar, seier Kjell Gunnar. – No får eg vist fram at vi følger opp ting som står i partiprogrammet vårt, og på den måten vise at partiprogrammet ikkje er berre tomme ord!, legg han til! 

Gjengen har også bestemt seg for at onsdagar var den dagen i veka som passa best, så da blir første trim onsdag 31. januar klokka 10:00.

«Kaffekrokens venner» har også fått tak i litt meir treningsutstyr, som vil bli montert før første trim. 

Eit kjempefint initiativ, der ein kan få trimma litt saman med andre! Og vi reknar med at det blir oppmøte i kaffekroken, både før og etter trimmen!

Publisert: 24. januar 2024, 11:33