Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorfilmklubben viser dramathrillar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. januar 2024

Onsdag 31. januar klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben i Surnadal dramathrillaren Pans labyrint på Surnadal kino. Filmen er laga i 2006. 

Etter at den spanske borgarkrigen (17. juli 1936 – 1. april 1929) er slutt, blir den Franco-lojale kapteinen Vidal stasjonert på ein avsidesliggande stad, for å få bukt med rebellane.

Han har med seg si nye kone og dotra hennar Ofelia. I skuggane av den grusomme verkelegheita skimtar Ofelia noko eldgammalt og magisk. I ein overgrodd labyrint i nærleiken møter ho den mektige Pan som gjev henne tre farlege oppdrag. Eit skremande og fantastisk eventyr tek til.

På Surnadal kino viser dei komande veke filmane Jungelgjengen på verdensturneDe gjenvendte og den norske filmen Sau

Meir informasjon og billettkjøp på surnadal-kulturhus.no!

Publisert: 28. januar 2024, 10:46