Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Førebur neste vinter

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. januar 2024

Det er nok mange som i vinter har opplevd av det har minka sterkt i vedlageret. Sjølv om varmepumpene har overteke mykje av oppvarminga, så er det nok mange som likar å fyre litt i ovnen i tillegg.  Gudmund Kvendset er ein av dei som likar best varmen frå vedovnen – og det ser ikkje verre ut enn at det blir råd for litt varme til neste vinter og.

Kapp og klyv på gammelmåten for Gudmund – med motorsag og øks som hjelpemidlar. Foto Jon Olav Ørsal

Gudmund har drive med rydding i hogstfeltet ovafor Husby og no har det vore kapp og klyv og ein stor dunge med ved – noko er klart til klyving og noko er klart for pakking i pallar. Best er det sjølvsagt med bjørk eller anna hardved, men det er også bra med anna ved. 

Vi fann ein tabell for samanlikning av energiinnhald i dei forskjellige treslaga – her er det kanskje litt andre verdiar enn enkelte har trudd, og det forklarer nok at vedprisen kan være litt forskjellig.  

her kan du sjå forskjellen på forskjellige tresalg – tabellen har vi saksa frå heimesida til Norsk Ved.

Publisert: 27. januar 2024, 13:16