Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje vatn som skaper utfordringar

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. januar 2024

Regnet dei siste dagane har ført til både store dammar og inntrenging i både kjellarar og bygg. Heldigvis har det vore opphaldsvêr det siste døgnet, så no er vatnet på retrett.  Ein av plassane som har fått føling med vassmengdane er på Todalen kyrkjegard, der synkebrønnen  var frose til da regnvêret stod på som verst.

Mange islagte «tjønner» rundt omkring – både haer i bygda og elles på Nordmøre. Foto Jon Olav Ørsal

På det meste stod det rundt ein halvmeter i det vestlege hjørnet, fortel John Moe i soknerådet.  Han fortel at soknerådet har sett på saka, og har ei plan for løysing av problemet.  – Vi må vente til våren før vi får reparert synkebrønnen. Vi reknar med at vi får ordna dette samtidig som vi ordnar minnelunden som er planlagt.

medan det stod på som verst såg det slik ut. Foto Jon Olav Ørsal

Vatn er det og i fleire kjellarar og lagerbygg – mellom anna har pumpene gått i fleire dagar på lageret til Matkroken.  Her er det overflate vatn som har trengt inn i det eine lagerbygget.  I kveld og i natt melder yr.no om litt regn igjen, men ikkje i store mengder.  Elles blir det mildt i hele 10-dagersperioden og litt regn innimellom. 

Publisert: 24. januar 2024, 11:14