Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balleik i gymsalen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.  

Barne- og ungdomsgruppa tek sikte på at det blir «barn i løypa» når det er forhold i lysløypa på Tjønnmyra til det, eller balleik i gymsalen ved skulen, når det ikkje er forhold i lysløypa, på onsdagane framover, fortel leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Anders Gjeldnes. 

Barne- og ungdomsgruppa ønsker velkommen til balleik!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. januar 2024, 16:09