Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2021

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.



VM-dag med grillkos på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2021

Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen.  Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka.  Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.



Ole Magne Ansnes er ny styreleiar i Laget Vårsøg

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. februar 2021

I eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.  


Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. februar 2021

Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar


Erik dreg til Andorra som VM-deltakar

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2021

Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé.  Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget.  To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke


Ute-grilling på Matkroken Todalen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I samband med at COOP er stor sponsor av VM på ski i Oberstdorf i Tyskland, er det no «Jubeldagar» i COOP-butikkane. Det blir markert med mange flagg og plakatar i og utanfor butikkane. I samband med dette, slår Matkroken Todalen, til med grilling av «VM-pølser» laurdag 27.februar mellom klokka 11:00 – 15:00. 


Vatnet på Todalsøra vil vere tilbake fredag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

Halset Vasslag sine abonnentar på Todalsøra har vore utan vatn sidan tysdag kveld på grunn av eit røyrbrot. No i ettermiddag vart røyrbrotet lokalisert. Det er eit gamalt jarnrøyr som har sprukke og må skiftast ut. Dette arbeidet må gjerast på fjærande sjø, så arbeidet kan først ta til i morgon rundt klokka 13:00. Håvard Halset i Halset Vasslag reknar med at alle abonnentane som er råka av røyrbrotet på Todalsøra, vil ha vatn i kranane att ut på ettermiddagen fredag. 


Avspenning i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2021

På Nordmøre Folkehøgskule er det ei gruppe som har avspenning som valfag.  I dag har heile gruppe på 13-14 personar vore i Todalen for å spenne ned å gjera seg litt kjent med Todalen og kva bygda har å by på, fortel Kjell Gunnar Polden som er er læraren deira, og kjentmann på turen. 


«Barn i løypa» onsdag kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I går kveld var det arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Vinterferien gjorde nok sitt til at frammøtet var litt mindre enn det som har vore «normalt», så langt i sesongen. Men dei som hadde møtt fram kunne kose seg i nypreparerte og fine løyper. 



Fotpleie i mars

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. februar 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 8. mars og tysdag 9. mars.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]