Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM-dag med grillkos på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. februar 2021

Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen.  Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka.  Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.

Tente på grillen utafor butikken – først ute var Anders Mo, Anders Halset, Knut Halset og Terje Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tykte mesta vi haørte VM-jubelen i det fjerne da vi stakk innom Matkroken i føremiddag – men det var nok frå fjensynet inne på butikken.  Det var mange som stakk innom og fikk seg ei VM-pølse og VM-brus i dag – mest besøk på butikken var det no mellom høgdepunkta på fjernsynssendinga frå Oberstdorf der Johaug sikra seg nok eit VM-gull.

Det var Knut Halset og handelsmann Nordvik som sørga for at folk som stakk innom Matkrokens VM-stand vart trekterte med pølse og brus, og det var nok populært å få litt forfriskningar mellom slaga i Oberstdorf.

Det var mange som stakk innom på handel lauradag føremiddag. Folk nytta pausen mellom store hendingar i oberstdorf til å ta ein handlerunde. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. februar 2021, 12:52