Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» onsdag kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I går kveld var det arrangerte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Vinterferien gjorde nok sitt til at frammøtet var litt mindre enn det som har vore «normalt», så langt i sesongen. Men dei som hadde møtt fram kunne kose seg i nypreparerte og fine løyper. 

Edvard og Julia. Foto: V A Ansnes

Dei siste dagars mildvêr, og somme tider vind, har tæra på snøen i traseen. Dette gjer at det akkurat no er berre nedre trase som er preparert, men som sagt var forholda her fine. 

Våren har fått godt tak. Van Adrian og Johan har funne seg ein snøfri flekk. Foto: J S Ansnes

Barne- og ungdomsgruppa planlegg «Barn i løypa» òg neste onsdag, den 3.mars, klokka 17:30. Vêrmeldingane framover skiftar litt mellom temperaturar rundt null grader og vekslvis regn og sludd/snø, så da er det håp om litt påfill av snø i traseane. 

Finn og Laila poserer for fotografen. Foto: Johan Ranes

Først publisert: 25. februar 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 24. februar 2021, 19:37