Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2021

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Råd til lag og foreiningar om avvikling av møte

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. februar 2021

Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.


«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. februar 2021

Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe minner om at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. På grunn av dei gjeldande smittevernreglane blir det ikkje servering av drikke, så det må kvar enkelt ta med sjølv. 


Todalsøra er framleis uten vatn – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. februar 2021

Utover heile føremiddagen har det vore leita etter vannlekkasje på  anlegget til Todalsøra vassverk uten resultat.  No er tankane i ferd med å fylles opp, og da vil det bli prøvd å sette på trykk på dei forskjellige greinene av rørnettet for å prøve å lokalisere lekkasjen.


Todalen Idrettslag – Innkalling til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. februar 2021

Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars. 


Todalsøra utan vassforsyning

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. februar 2021

Sidan i går kveld i 20.30-tida har Todalsøra vore utan vassforsyning.  Sannsynleg vis er det rørbrot ein eller annan plass, men vi har ikkje klart å lokalisere skaden enno, seier leiar i vassverket Håvard Halset til Todalen.no.


Kløvertur i godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. februar 2021

Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.


Todalen kyrkje – gudsteneste søndag 28.februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. februar 2021

Søndag 28.februar klokken 14:30 er det duka for årets første gudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av dei nasjonale smittevernreglane, som vart innført 4.jaunuar, har det ikkje vore mogleg å arrangere gudstenester før no. Todalen sokneråd er difor glad for å kunne invitere til gudsteneste att.


Vinterferie og tidenes skidag i alpinsentret i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 21. februar 2021

Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag.   Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren.  Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset.  Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas. 


Kløvertur måndag, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Todalen kyrkje – digital gudsteneste no klokka 11

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. februar 2021

No frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song. 


Bryllaupsbilete frå Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. februar 2021

Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet. 


Surnadal sjukeheim – lempar på besøksrutinene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. februar 2021

Surnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga.