Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. februar 2021

Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe minner om at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. På grunn av dei gjeldande smittevernreglane blir det ikkje servering av drikke, så det må kvar enkelt ta med sjølv. 

Ståle Ansnes, i Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg, fortel at det er nypreparerte løyper på nedre trase i lysløypa på Tjønnmyra. I øvre trase er det litt for lite snø, i enkelte parti, som gjer at det ikkje var mogleg å preparere traseen. Men forholda i nedre trase er fine og skiføret er bra. 

Barne- og ungdomsgruppa ønsker alle velkommen til «Barn i løypa»!

Publisert: 24. februar 2021, 11:55