Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsøra utan vassforsyning

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. februar 2021

Sidan i går kveld i 20.30-tida har Todalsøra vore utan vassforsyning.  Sannsynleg vis er det rørbrot ein eller annan plass, men vi har ikkje klart å lokalisere skaden enno, seier leiar i vassverket Håvard Halset til Todalen.no.

Det har vore søkt frå hus til hus i heile området seint i går kveld og i natt, og arbeidet med å lokalisere skaden vil fortsett tysdag.  – Vi vil no fylle opp tankane og koble til sektor for sektor, slik at vi kan få eliminert deler av forsyningsområdet. Todalsøra vassverk forsyner heile grenda med vatn – frå Teigen og utover til Ytterbaugen. 

Som nødhjelp oppfordrar Halset abonnentane til å hente seg vatn til «husbruk» på Matkroken, der det er rigga til ein slange som er lagt utom butikken.  Halset ber om at folk er observante og melder frå dersom dei oppdagar lekkasje på rørnettet til Todalsøra vassverk. 

Publisert: 23. februar 2021, 08:17